Arne Garborg-klubben

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Garborg-klubben var ein litterær klubb i Chicago fyrst i 1890-åra. Klubben var ein samlingsstad for radikale utvandrarar, med Haakon Nyhuus som drivkraft i arbeidet.

Haakon Nyhuus og den islandske bibliotekaren Steingrímur Stefánsson skipa Norsk Læseforening i Chicago ved årsskiftet 1891–92. Stutt tid etter kom det framlegg om at den nye foreininga skulle slå seg saman med ei anna norsk forening, Norrøna. Framlegget vart vedteke. På møte i oktober 1892 kom Nyhuus med framlegg om at foreininga skulle ta namnet Arne Garborg-klubben. Det vart sendt brev til Garborg om løyve, og Garborg vart samstundes utnemnd til heidersmedlem.

Kjelder og litteratur

  • Kildal, Arne: Haakon Nyhuus. Minneskrift. Oslo 1966.
  • Talle, Siri Garborg: Arne Garborg og slekten. Oslo 2000.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!