Arne Welle Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Welle Møbelverksted var ei trevarebedrift i Velledalen i Sykkylven. Initiativtakaran, Arne Welle, var medeigar i L.K. Hjelle & Co. Stol- og Møbelfabrikk frå starten i 1940. Arne Welle var svoger av Lars K. Hjelle. Også ein annan svoger, Petter Furseth frå Stranda, var med i sameiget. Dei skilde lag i 1944. Då vart L.K. Hjelle eineeigar av møbelfabrikken.

Arne Welle sette noko seinare i gang møbelproduksjon i kjellaren heime i Bastiangarden på Velle. Broren Sverre var med i produksjonen. I 1946 vart drifta nedlagd, og Arne Welle tok seg arbeid ved Hj. Brunstad Trevarefabrikk.

Kjelde