Arthur Bjarne Berg (fødd 8. april1916 i Brunlanes, Vestfold, død 20. juli1998 i Bergen) var ein teolog og pressemann. Han var redaktør for avisa Dagen i over 30 år, og vart landskjend for det sterke engasjementet han viste i stridsspørsmål innanfor kyrkja og samfunnslivet. Berg har vorte karakterisert som teologisk konservativ og politisk liberal. Han skreiv fleire bøker med tema frå teologi og politikk. Elles var han ein ihuga nynorskmann og støttespelar for staten Israel.