Astrid Karlotte Taranger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Astrid Karlotte Taranger (fødd 2. mars 1917, død 1. oktober 2017) har vore busett på Hundvåkøy i Austevoll kommune fram til ho flytta til Austevoll pleie- og omsorgssenter som 97-åring. Ho var gift med Ivar Taranger som døydde i 1965 etter 20 års ekteskap. Dei fekk fire barn, og to døtre døydde som 2- og 18-åring.

Forloveden Ivar reiste til sjøs i 1939, men på grunn av krigen kom han ikkje heim før i 1945. Begge hadde førebudd giftarmålet. Ivar hadde kjøpt seg smoking i London under krigen, og Astrid skaffa tøy til bryllupskjole frå Sverige.

Astrid Taranger har vore aktiv med mange praktiske gjeremål. Ho har laga eit utal av hekledukar, broderte veggbilete, pledd, hekla sengeteppe, brikker, bunadsbelte og dessutan har ho halde på med rosemaling. Matlaging var ein annan profesjon. Ho laga mellom anna sylte, plukka bær og laga saft og syltetøy, baka lefser, pannekaker og tørrvaflar. All mat vart laga frå botnen, og ikkje noko vart kasta. I tillegg har ho halde hus og hage i stand, og som 93-åring stod ho høgt i stigen og malte husmønet. Som ho sa sjølv: «Eg har aldri i eitt minutt av mine leveår sete og sett i taket.» Heller ikkje brukte ho tid framfor fjernsynet. Det vart stua bort i kjellaren.

Når ho fekk spørsmål om korleis ein kan oppnå så høg alder, tok ho fram boka Min Vand-Kur frå 1901. Den inneheld oppskrifter på korleis ein kan halda seg frisk og få eit langt liv.

100-årsdagen vart feira på Austevoll pleie- og omsorgssenter med barn, barnebarn og 14 oldebarn.

Kjelder