Atrå stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Atrå stavkirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne teikninga av Atrå stavkyrkje vart truleg laga under rivinga i 1830-åra. Frå Tinn soga I.
Portal frå Atrå stavkyrke på Historisk museum (Oldsaksamlingen) i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen

Atrå stavkyrkje i bygda Atrå i Tinn kommune vart reist på slutten av 1100-talet, og truleg innvigd under bisp Ragnar kring 1180. Kyrkja vart rive i 1830-åra, etter at nye Atrå kyrkje stod klar i 1836.

Stavkyrkja reknast som den fyrste i Tinn, og skal etter segna fyrst ha stått på Storebrot. Det skal ha vore bisp Ragnar sjølv som stod bak at kyrkja vart reist. Noko seinare skal ho ha vorte flytt til Lislelandjordet, og dei opne svalgangane vart då tekne bort.

At ein kan knytte kyrkja til bisp Ragnar skuldast ei runeinnskrift som vart skrive ned av sokneprest Hans Olai Fremming Heyerdahl i 1820-åra. Han kravde ei ny kyrkje, for den gamle var liten, kald og nedsliten. Men han var òg oppteke av kulturminne, og noterte ned runene. I innskrifta står det at Ragnar biskop vigsla kyrkja. Det står òg namnet på fleire prestar, som ein elles ikkje veit noko om.

Vi veit ein del om korleis kyrkja såg ut. Ei teikning som truleg er laga i tida ho vart rive viser ein del, og det vart òg skrive ned minne frå dei som hugsa kyrkja. Særleg viktig var forteljinga til Hellek H. Husevold, som kunne fortelje mellom anna at det var tre dører, mot nord, syd og vest. Døra mot sør var så smal at ein kunne sjå merkene etter knivslirer som hadde skrapa mot karmen. Frå skipet til koret var det to trappesteg. På eine sida av altaret var eit bilete av Adam og Eva, og altartavla hadde eit bilete av Kristus og disiplane. I himlinga var det bilete av dyr og englar. Det var to galleri, eit for menn og eit for kvinner. Hovuddøra i vest gjekk opphavleg innover, men i 1823 kom eit påbod om at ho måtte snus – året før hadde Grue kyrkje brent, og meir enn hundre menneske måtte late livet når dei ikkje fekk opp dørene som gjekk innover. Endringa vart gjort ved at dei berre hogde inn i ein av stavane; på denne tida var det vel ikkje lenger så viktig å ta vare på kyrkja, for dei visste at tida snart var ute for ho.

Då nykyrkja vart reist var det ingen som heva røysta særleg høgt for å teke vare på stavkyrkja. I 1799 vert kyrkja omtala som falleferdig, med ròtne stavar. Heile kyrkja hadde vorte skeiv, og ei restaurering ville krevje at ein retta ho opp og bytta ut stavane, noko som ville vere ei stor og kostbar jobb.[1] Et par av medlemmane i nemnda meinte nok at det ville verte dyrt å byggje ny kyrkje, og at ein kanskje skulle reparere, men det var ikkje berre tilstanden det stod på, stavkyrkja var òg for liten. Ho vart difor rive heilt ned. Nokre få trestykke er kjend på gardane omkring kyrkjestaden, og ein portal vart sendt til Oldsakssamlinga i Oslo.

Noko av inventaret vart teke vare på. Ein altarduk som vart gjeve av fru Mette Green kring 1726 kom til nykyrkja. Det gjorde òg klokkene, både ein som er frå mellomalderen og ein frå 1802. Preikestolen hamna hos Kjetil Lisland, og følgde så dottera hans til Gjeiskeli der han vart brukt som skåp. Ein knelebenk, som gjerne vert omtala som skriftestol, fann vegen til nykyrkja. Benken er truleg frå mellomalderen. Av kyrkjesylvet vart ein kalk frå 1667 med over til nykyrkja. Døypestolen vart sendt til Oslo, medan døypefatet i messing kom til nykyrkja. Fatet skal vere laga i Tyskland på 1500-talet.

Galleri

Referansar

  1. Sjå referat frå den lokale kyrkenemnda, Einung 1926: 176.

Litteratur