Aure kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Aure kirke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Aure kyrkje

Aure kyrkje
2961 Aure kirkje.jpg
Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne (2008).
Sted: Aure sentrum
Byggeår: 1924
Kirkesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedømme: Møre
Prosti: Ytre Nordmøre
Prestegjeld: Aure
Fellesråd: Aure kyrkjelege fellesråd
Sokn: Aure

Aure kyrkje (nyn. Aure kyrkje, bokm. Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme. Fram til Møre bispedømme vart oppretta i 1983 hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kyrkja vart ramma av brann i 1924, men mykje av inventaret vart berga, og kyrkja vart attoppbygd att på same stad og i same stil som gamlekyrkja. Den noverande Aure kyrkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kyrkja i Aure stod — ei stavkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kyrkja.

Galleri

Eksterne lenker

Koordinater: 63.26584° N 8.52788° Ø