Austbø (Fedje gnr 168 bnr 208)
Austbø | |
---|---|
Flyfoto 1988 av den austre delen av byggefeltet. Idrettsplassen til venstre, barnehagen i midten litt til høgre framme (kvit bygning). Bak ligg Rognsvågen, og heilt bak Holmengrå fyr. Foto: Aeronor
| |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 208 |
Adresse: | Husøyna 46 |
Austbø er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Fedje kommune fekk i 1967 skøyte på eit tomteområde i Husøyna frådelt Muren gnr 168 bnr 18 same året. Fleire bustadtomter er seinare utskilde. Fedje barnehage med idrettsgarderobar vart bygd her i 1982.
Husøyna 25
2. Utleigebustad nr 13 bygd av kommunen i 1988 ligg på dette bnr.
Leigebuarar
3. Idar Tangen f. 1963 Svena (gnr 168 bnr 175-1b) g. 1986 m. Janne Nordby f. 1966 Stormark (gnr 172 bnr 117-1c) var busette her frå 1988 til 2004. Dei flytta til Husøyna gnr 168 bnr 247-8, sjå meir der.
4. Ine-Beate Storemark f. 1986 Husøyna (gnr 168 bnr 251-3a), pleie/omsorgsarbeidar, g. 2015 m. David Ng Wen Soon f. 1983 Singapore, tilkomstteknikar.
Barn: a. Ellie Storemark Ng f. 2017.
Austbø (Fedje gnr 168 bnr 208) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Bakkeli (Fedje gnr 168 bnr 205) • Neste bolk: Stølshaugen (Fedje gnr 168 bnr 219) |