Bøgaren (Fedje gnr 168 bnr 84)
| Bøgaren | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 84 |
| Adresse: | Kalvedalen 1 |
Bøgaren er eit bygg med forretningslokale i Fedje kommune. Ei tid var det bustad her.
1. Andreas Gudmundsen f. 1909 Austevoll d. 1991 kjøpte ei tomt frådelt gnr 168 bnr 3 i 1943. Han budde då på Kopper gnr 168 bnr 61-2, sjå der.
2. Austrheim og Fedje Sparebank vart stifta i 1911, og hadde kontordagar på Fedje frå 1924. Den fekk skøyte her i 1961. Det vart reist eit bygg i 1969 med kontorlokale til banken og trygdekontoret i 1. høgda. Seinare vart banken ein del av Sparebanken Vest (Sparebank 1 Vest frå 1996). I 2. høgda vart det bygd eit husvære. Den eine delen av dette vart seinare innreidd til kontor for presten.
Leigetakarar:
3. Kari og Jens Husa budde her frå 1969 til 1981, då dei bygde i Husøyna gnr 168 bnr 315, sjå der.
4. Petter Johannessen f. 1970 Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 393), adjunkt, budde her frå 1994 til 2001, seinare bustad Stavanger og så Lindås, flytta til Austrheim.
5. Fedje kommune fekk skøyte i 2009. Servicekontoret til kommunen og soknerådskontoret har lokale her, begge i 1. høgda. Huset vart påbygd rundt 2009 i 2. høgda med arker, der det er det lokale for Hjartebanken, eit sosialt tiltak.
| Bøgaren (Fedje gnr 168 bnr 84) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Steinvik (Fedje gnr 168 bnr 70) • Neste bolk: Fredtun (Fedje gnr 168 bnr 85) |