Børeholen 11A (Stavanger)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Børeholen 11A vart i 1953 skilt frå som eiga tomt på garden AustbøHundvåg i 1953 frå Trygve Østbø til Magne og Kristine Lindanger. Magne var født 16.januar 1925 på bruk 13 under Lindanger, gnr. 124 i Skjold som son til skytebas og småbrukar Olaf Lindanger og kona Sigvalda f. Erland. I perioden 1927 til 1929 budde Olaf og Sigvalda på Våland i Stavanger der dei budde hjå syster hennar, Kari Håland, i Biskop Njåls gate. Men i 1930 fekk Olaf jobb på MackadamverketBorgøy og flytta då heim att til småbruket sitt, Roland. Sidan vaks Magne opp her, men flytta ut då han vart konfirmert i 1939. Vinteren 1939 fekk han jobb som dreng hjå naboen Kaltveit på bruk 2 på Lindanger. Sidan i 1940 skaffa tanten Ingrid på Sel på Rennesøy han feste som dreng på BjergaRennesøy. Sidan var han dreng på Skjørvestad og så Mehus, begge gardane på Rennesøy. Så, i 1943 fekk han feste som dreng på Skeie på Hundvåg og året etter hjå Sverre Lunde på same øya. På Lunde hadde han som oppgåve å køyra boss frå den russiske fangeleiren på Rosenberg.

Etter at krigen var slutt, var han med ein ungdomsgjeng som mellom anna drog med båt på fest til Østhusvik på Rennesøy. I samband med dette vart han kjend med Kristine Rege frå bruket Holarhaien under Rege i Sola. Ho var født i desember 1926 og laut ut i teneste kring 1943, fyrst hjå familien Bekkevold på Håland i Sola. Ho lærte seg også å sy hjå Øglænd i Sandnes. Kring 1944 kom ho i teneste hjå gardbrukar Roald B. Austbø på Hundvåg. Etter krigen kom ho med i ein venegjeng som drog på fest til ungdomshuset i Østhusvik.

Kristine og Magne vart kjende, og gifta seg med bryllaup i på låven til far hennar på Rege. Han var då i militære, og dei blei 4. mai 1947 foreldra til sonen Birger. Ho budde då hjå onkelen Toldius på garden Høgeholen på Tjelta i Sola. Her budde ho sidan til i oktober same året. Då kom Magne tilbake frå militæret og fekk seg jobb som platearbeidar på Rosenberg verft på Buøy. Husvære fekk dei hjå den 78-årige enka Berta Marie Svendsen, Austbø, bruk 94 mot å ha eit visst tilsyn med kvinna. I 2. etasje i dette huset budde også Botolf Botolfsen som arbeidde ved Stavanger Skipsopphogning på Buøy. I 1951 fekk paret også dottera Sissel Olene, oppkalla etter foreldra til Magne, Året etter døydde Berta Marie og nye folk, Karl og Mathilde Løyning, arva huset og ønsket å flytte inn.

Det var da Magne og Kristine kjøpte tomta Børeholen 11A av Trygve Østbø på Hundvåg. I 1954 leigde dei hjå Reinert og Ester Håland på Nedre Tjensvoll. Der budde dei til januar 1957 då dei kunne flytta inn i Børeholen 11A.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Birger Lindanger.