Bedehuset i Fresvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fresvik bedehus. Foto Hermund Kleppa/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bedehuset i Fresvik i Vik kommune stod ferdig i 1978 og ligg tett nedom vegen om lag 300 m opp frå krysset på hovudvegen gjennom bygda.

Huset er 20 x 10 m og bygt i to fulle høgder. I første høgda er der stor romsleg gang, storsal og vetlesal. Underetasjen har stor sal, opphavleg matsal, no aktivitetsrom for barneklubb, og fullt utstyrt kjøken. Storsalen er innreidd med røyrstolar og småbord, Vetlesalen med sofamøbler. Talarstolen står på golvnivå. Veggene er utsmykka med bilete og teppe. Midt på veggen framme heng eit stort målarstykke med motiv Engelen styrkjer Jesus. Det er laga av Herdis Kleppa etter original av ein annan kunstnar. I salen nede heng det to store åkle.

Les meir om bedehuset på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine sider.

Bedehuset i Fresvik er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Bedehuset i Fresvik er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.