Bendik Gjermundson Veum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bendik Gjermundson Veum
Foto: R. Nyblin, Skien

Bendik Gjermundson N. Veum (født 1887 på Veum i Fyresdal og død 1958 same stad) var ein kunstnar, ordsamlar og sogeskrivar med ein spesiell interesse for ættesoge. Innan kunst var han kjend som ein habil treskjerar som blant anna skar to lysekroner til Moland kyrkje i 1937.

Bendik var son til Gjermund Gunnarson Nesland (1842-1924) frå S. Veum og Sigrid Bjugsdotter Nesland (1850-1893). Broren Kjetil Gjermundson N. Veum N. (1873-1950) tok over heimegarden N. Veum og Bendik vart buande der saman med han etter å ha vore ein del år utanfor bygda. Han var allsidig orientera og interessera i mykje.

Han fekk høve til å utdanna seg ved tre institusjonar. Vinteren 1907-08 var han elev ved Telemark folkehøgskule i Seljord, og i 1916-17 ved Voss folkehøgskule. I 1919 reiste han til Fredriksborg i Danmark for å studera ved Grundtvigs højskole i perioden 1. november 1919 – 1. april 1920.

Bendik reiste ein del både i Sverige og Danmark, og til Færøyane. Han skreiv ein serie med reisebrev med tittelen «Paa ferd til Siljans grøna strender», frå ei reise til Siljan i Dalarne, Sverige, sommaren 1916. Reisebreva kom på trykk i avisa Norig.

«Homo».Treskulptur frå 1938 av Bendik Veum

Han var ein habil treskjerar som skar ut fleire nøtteknekkarar med karakteristiske hovud. Han skar og ut persongrupper som av og til er nytta som sokkel til lamper. Bollar laga han av ulik slag. Han skar ut to store lysekroner med tilsvarande lampettar til Moland kyrkje i 1937 då kyrkja fekk innlagd elektrisitet. Desse vart bytta ut med meir moderne armatur i 1962, og treskurden blei flytt til andre stader. I 2. høgda på stabburet på prestegarden er eit stort rom som ein periode vart nytta til møterom. Den eine lysekrona og lampettar vart hengt opp der og den andre deponera på Fyresdal Bygdemuseum. I alle sine arbeid sette han inn karakteristiske andlet som kunne vere lett å kjenne att opphavet til. Av målarstykke kjenner ein berre til eit med motiv frå fjellet Roan som er ovanfor garden Veum.

I 2013 vart bedehuset Betel i Folkestadbyen i Fyresdal sentrum overtatt av Fyresdal Sokneråd, rehabilitera og delvis restaurera og vert nytta i ulike samanhengar. Lysekronene og lampettane vart rehabilitera i samsvar med dagens krav og hengt opp i salen der dei no kjem til sin rett og tek seg godt ut.

Han var sers interessera i ætt og soge og han forfatta FYRESDAL I, ættebok som vart gjeve ut av Fyresdal kommune i 1943. Dette er eit solid verk, med bilete og på vel 400 sider. Alt arbeidet, all kjeldegranskinga, gjorde han åleine. Her er rett nok enkelte feil som i alle slike bøker, dette er retta opp ved at kulturstyret i Fyresdal gav ut eit eige hefte med rettingar i 1982.

Samtidig med ætteboka arbeidde han med ei gardssoge for Fyresdal, tenkt som bind II, men denne vart ikkje ferdig til publisering.

Han var og sers interessera i dialekt og gamle ord, og hadde god kjennskap til desse. Før 1950 hadde han samla DIALEKTORD frå FYRESDAL med om lag 1500 ord. Han, som kjende dei godt, sette dei opp utan tyding, dette er lagt til sidan av Olav Momrak-Haugan. Materialet er sendt inn til Universitet i Oslo og kan med tida verte tilgjengeleg på internett. Prosjektet heiter «Norsk Ordbok 2014».

Som ættegranskar var han tilsvarande interessera i bruk av namn og utviklinga av desse, han forfatta difor: «Folkenamn i ei Telemarksbygd gjenom 6 – 700 år. Fyresdal. Samla og med opplysningar og merknader av Bendik Veum.» Dette materialet er og sendt til Universitetet i Oslo i samband med prosjektet «Norsk Ordbok 2014». Truleg vil og dette etter kvart bli tilgjengeleg på internett.

Bendik er gravlagd på Veum kyrkjegard.

Kjelde

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge Fyresdal kommune 1992

Bibliografi

  • «Paa ferd til Siljans grøna strender», frå ei reise til Siljan i Dalarne, Sverige, sommaren 1916. Reisebrev trykt i avisa Norig.
  • FYRESDAL I, ættebok, gjeve ut av Fyresdal kommune i 1943. (Hefte med rettingar utgjeve av kommunen i 1982).
  • DIALEKTORD frå FYRESDAL ei samling på om lag 1500 ord. Aldri utgjeve, men del av UiO sitt prosjekt «Norsk Ordbok 2014».
  • Folkenamn i ei Telemarksbygd gjenom 6 – 700 år. Fyresdal. Samla og med opplysningar og merknader av Bendik Veum. Aldri utgjeve, men del av UiO sitt prosjekt «Norsk Ordbok 2014».


Litteratur

NBL-artikkel om redaktør Olav Gullvåg og avisa Norig i Skien

Eksterne lenkjer