Bendik Sande
Bendik Sande (fødd 1867, død 1948), fullt namn Bendik Johan Nikolai Johansen Sande, var gardbrukar i Sande på Sunnmøre.
Han var son av Johan Overvåg og Mathilde Olsen. I 1892 gifta han seg med Malla Gurskevik. Truleg var han utdanna gartnar, og ved sida av gardsdrifta dreiv han også med trankoking, som fyrvakt og som postmedarbeidar.
I folketeljinga 1900 finn vi han som gardbrukar og fyrtilsynsmann på Nordre Sande, gnr. 73/2 i Sande. Han budde på garden med kona og mor si, som i 1900 var enkje.
Han byrja å fotografere kring 1900 og var aktiv til ut i 1930-åra. Sande var sjølvlært som fotograf. I folketeljinga 1910 kan vi sjå at det var meir enn ein hobby, for no står han ført som gardbrukar med bygsel, fotograf, fyrtilsynsmann med meir. I denne teljinga bur han på Ystebø, gnr. 73/1, framleis med mora og kona.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Bendik Sande på Digitalt museum.
- Bendik Sande på KulturNav.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Bendik Nøre-Sanda på Digitalt museum.
- Bendik Nøre-Sanda på KulturNav.
- Vestlandsnytt 6.1.1995
- FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009
- Bendik Johan Nikolai Johansen Sande i Ministerialbok for Sande prestegjeld, Sande sokn 1884-1900 fra Digitalarkivet. (Bryllaup 1892)
- Bendik Sande i folketeljinga 1900 for Sande herred frå Digitalarkivet
- Bendik Johansen Sande i folketeljinga 1900 for Sande herred frå Digitalarkivet
Eksterne lenkjer
![]() |
Bendik Sande er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |