Berget krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berget krins, også kjend som Øyre krins, er ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Den 23. mai 1879 vedtok Sogndals heradsstyre at det skulle byggjast skulehus for Øyre krins. Ei byggjenemnd peikte ut ein stad som heiter Berget på garden Eskestrand som høveleg tomt. Skulehuset vart flytta til Timmerli, midt mellom Eskestrand og Øyre, i 1914. Krinsen vart lagt ned i 1954, og borna vart flytta til Nygard skule i Øvstedalen krins.

Skulehus

Øyragrendi skule

Skuledagen

Skulevegen

Det var felles lærar for Berget krins og Fimreite krins, noko som mest sannsynleg var grunnen til at skulehuset i krinsen først var sett opp på Berget, nede ved fjorden. Lindborg, Venesvik og Venes på andre sida av fjorden var også ein del av krinsen. Det tok om lag ein halv time å ro frå Lindborg til Berget skule. I tillegg måtte elevane gå siste stykke opp lia til Øyragrendi skule etter at skulehuset vart flytta opp til Timmerli. Etter at krinsen vart lagt ned og elevane vart flytta til Nygard skule i Øvstedalen krins, tok det dobbelt så lang tid å ro frå Lindborg til Fardal.

Lærar Olav Olsen (1940-54) var busett i Sogndal, og hadde også lang veg på jobb. Han sykla frå Sogndal og gjekk opp frå Bondeviki. Om det ikkje var mogeleg å sykle måtte han gå heile vegen, noko som tok ein og ein halv time.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Fjæren Olav Øyragrendi skule 1890 1932 Lærarbustad om lag 200 meter frå skulehuset.
Hollekve Andreas Øyragrendi skule 1933 1940
Olsen Olav Øyragrendi skule 1940 1954 Busett i Sogndal.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Tufte, Malvin (2012). Øyragrendi skule, tidlegare Berget skule. Sogndal sogelag, So han sa, 2012, årgang 13.
  • Jakobsen, Kjell (2016). Skulehusi i Sogndal kommune. Sogndal sogelag, So han sa, 2016 årgang 17, s. 14-15

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.20161° N 7.05464° Ø