Bessheim fjellstue
Bessheim fjellstue er ein overnattingsstad med fjellstue og hytter i Vågå kommune. Staden var opphavleg seter, under namnet Bessætra.
I meir enn 100 år gav Bessheim tilhald for både husdyr og turistar, men økonomisk fekk turismen stadig meir å bety. Tidleg i 1960-åra var det slutt for ku og geit. Bessætra hadde vorte Bessheim. Fleire av husa som er i bruk i dag, har vore med frå sæterlivet, eldst er truleg Sandnesstugu. I dag framstår ho som ei høgstandard hytte, men gamle tak og vegger fortel om ei lang historie.
Kari Storvik var den som tok tak for å legge til rette for turistar. Så var det Gudrun og Iver Storvik, deretter Kari og Knut Lund. Gjennom fleire generasjonar har familien vore vertskap for farande folk på Bessheim, idag er det Kari Lund og Ragnhild Sjurgard som er vertskap.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Bessheim fjellstue og hytter på Digitalt museum.
- Bessheim fjellstue og hytter på KulturNav
- Faktaark fra Kartverket finnes.
Bessheim fjellstue er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|