Birte Oline Flote

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år

Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare.

Oppvekst og læretid

Heime på garden på Flote tok Birte, som andre jenter, del i det som var vanleg kvinnearbeid på hennar tid. Mellom anna veving. Det første grunnlaget for hennar karriere vart nok lagt her. Gjennom ein vinter i teneste på gard på Vigra blei vevinga utvikla vidare. Også interessa for veving, slik at ho nå aktivt søkte etter stader der ho kunne lære meir.

Første stasjon var hos Gyda Aase på Lote i Nordfjord. Gyda, - i lokal uttale "Gjøde» -, var vide kjend som uvanleg dyktig vevar. Mest kjend var ho for åklea sine. I dag blir åklea til å sveipe dåpsbarn i, mest omtalt. Etter tida på Vigra oppsøkte Birte Jøde på Lote. Det ho fekk lære her, var avgjerande viktig for utviklinga hennar vidare. Seinare hadde ho fleire opphald ved Bergen Husflidsforening, som både heldt kurs og hadde fast vevstove. Også seinare hadde Birte fleire kontaktar for å lære meir. Men ho hadde nå tileigna seg kunnskap og opparbeid eigen ferdighet slik at ho sto stødig på eigne bein i sitt eige arbeid.

Birte etablerer seg i Volda

Midtre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år

Birte Flote arbeidde så målretta med vevinga at ho tidleg klarde å leve av dette arbeidet. Etter ei tid kjøpte ho eit lite hus som ho innreidde slik at det blei ei brukbar vevstove. Men ambisjonane hennar var større. Huset blei derfor seinare (1921) flytt til ny tomt der det blei utvida til eit heilt nytt hus med to etasjar, kjellar og loft. Her kunne ho verkeleg utfalde seg. Ho kunne ta på seg større arbeid, og ho kunne engasjere hjelpe-vevarar. Ho hadde også plass til alt det arbeidet som skulle til før sjølve vevinga begynte: karding, spinning, og farging av ulla. Ved større arbeid skulle for Birte alt vere sjølvgjort.

Med så stort hus kunne ho også ha fleire lærarskuleelevar i kost og losji. Dette var ein viktig «næringsveg» i Volda på hennar tid. Og for Birte ga det ei sikker og velkomen inntekt i tillegg til det meir usikre frå vevinga.

Arbeid med ull og garn - Æresprisar

Høgre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år

For å livnære seg tok Birte på seg alle slags arbeid som kunne gi inntekt. Men ho ville lenger enn dette. Ho hadde tidleg lært å arbeide ulla fram til vevgarn. Men både kardinga og spinninga kunne utviklast og bli betre og betre. Og særleg dyktig blei ho når det galdt farging av ulla. Med dette utmerka ho seg tidleg. I 1929 skreiv Sunnmørsposten: «Ho er av dei fremste på Vestlandet når det gjeld plantefarging, her hev ho sin store givnad».

Dette blei også honorert ved den store Jubileumsutstillinga på Frogner i Kristiania i 1914. Denne utstillinga markerte 100 år etter 1814, og så å seie alt av norsk næringsliv og kultur var representert. Også husflid. Birte Flote var representert med farga ull og garn. På utstillinga vart det delt ut medaljar i dei tre vanlege valørane. 14 medaljar i gull. Ein av desse fekk Birte Flote for «… udmerket plantefarvet uld og garn»! I tillegg fekk Birte «Just Gude Smiths gullmedalje». Dette var ein medalje som vart delt ut ein gong i året for særleg god norsk husflid, og det var rekna som ei svært stor ære å få den.

Biletvev - Antependiet i Volda kyrkje

Etter kvart som økonomien vart god nok, gjekk Birte meir og meir over til biletvev. Og dette blei etter kvart hennar viktigaste arbeid. Små arbeid i starten, men etter kvart større – og store - arbeid. Eit døme er billedteppet Den Onde Stedmor, som nå er ved Ålesund museum Dette måler 185 x 160 cm. Eit stort golvteppe, «Aldalen», måler 280 x 350 cm. Dette teppet fekk Volda husflidslag i gåve frå familien som fekk teppet laga.

Det mest prestisjefulle oppdraget fekk Birte då den nybygde kyrkja i Volda i 1932 skulle utsmykkast. Den landskjende Arnstein Arneberg var arkitekt, og malaren Hugo Lous Mohr arbeidde tett saman med arkitekten med utforming av utsmykkinga. Lous Mohr fekk oppdraget med den store fresco’en som fyller heile fondveggen i koret. Men utsmykkinga elles blei utført av lokale krefter. Birte Flote blei engasjert til å veve antependiet på alteret.

Dette antependiet var nok Birte sitt aller viktigaste arbeid. Arkitekten hadde fått antependiet teikna av ein profesjonell designar, og Birte Flote skulle veve. Det var eit stort arbeid som skulle utførast i billedvevteknikk. Måla er 110 x 500 cm. Birte heldt på med arbeidet over meir enn eit år, og ho fekk mykje skryt for utføringa. Det er altså eit Flote-arbeid som alle som vitjar Volda kyrkje kan gjere seg kjend med. I denne artikkelen blir dei tre hovudmotiva i antependiet brukt som illustrasjon.

Birte i lokalmiljøet

Birte si interesse for veving førde til at ho også ville vekke interessa hos andre. Ho byrja derfor tidleg med å tilby kurs i veving. Då Volda husflidslag vart stifta i 1906, var Birte med som initiativtakar. Ho vart også aktivt med i laget sitt arbeid vidare, også som kurshaldar.

Nemnast må også at Birte Flote i ein lang periode, framover til 1926, var einaste «handgjernings-lærarinne» i Volda. Det innnebar at ho reiste rundt til alle skulane i kommunen og sørgde for at jentene fekk den undervisninga dei skulle ha i faget.


Kjelder


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Birte Oline Flote er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.