Birtedalen skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Birtedalen skule i Fyresdal vart bygd 1922. Nedlagd som skule 1968.
I Fyresdal har ein ei rekke med skulehus med variert utforming avhengig av perioden dei vart bygd. Ein periode vart eit langsgåande bislag trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er det med Åsland skulehus bygd 1926 og Birtedalen skulehus bygd 1922.
Birtedalen skulehus fungera lenge som grendehus for området. I den samanhengen vart det litt påbygd og ombygd. Etter kvart vart huset lite nytta og det blei avgjort frå kommunen si side at skulen skulle rivast. Dette blei gjennomført i mai 2017 og alle fysiske spor av skulen i Birtedalen er med det sletta.
Kjelde
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.