Bjørkedal båtsamlingar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skog- og handverksdag i Bjørkedal båtsamlingar 25. august 2012.

Bjørkedal båtsamlingar si historia starta i 1993 då grannane på Søre Bjørkedal på eit grannemøte vart samde om at det var på høg tid å begynne å samle på gamle bjørkedalsbåtar. Dei fleste av den store mengda klinkbygde båtar som vart bygd på Bjørkedalen fyrst på nittenhundretalet var alle kondemnert, oppbrente, søkkte eller opprotna. Det blei rykkja inn ei annonse i Sunnmørsposten, responsen var enorm. Og snart fyltes låver og naust med gamle bjørkedalsbåter. Målet var å lage ei representativ utstilling av dei mange båttypane som hadde vorte bygde på Bjørkedalen.

Båtsamlinga vart etter kvart i hovudsak etablert på det som var opplagsplass for tømmer på Søre Bjørkedal. Og ein rekke bygningar blei flytta ditt frå andre stadar. Lengre oppe ved Laurdalselva ligg det ein restauret oppgangssag, som også høyrer til Bjørkedal båtsamlingar.

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar felles historie frå midten av 1990-talet til 2006, då blei båtsamlingane skilt ut som eige foreining. Bjørkedal båtsamlingar er såleis både ei foreining og eit museum.

Båtar i samlinga

Bygningar

Motorar i Bjørkedal båtsamlingar

Båtsamlingane har totalt ni motorar. Nokon står i båtar som høyrer båtsamlingane eller Bjørkedal kystlag til, andre er berre motorane åleine.

Produsent Drivstoff Motortype HK År Fartøy Tilstand
Albin bensinmotor 4 syl., 4 takt., vasskjølt - - - Frostsprengd. Restaureringsobjekt.
Finnøy semidiesel/oljemotor 1 syl., 2 takt. - 1922 Havdrøn -
FM bensinmotor 1 syl., 4 takt., vasskjølt. - - Forsøk Motoren er restaurert.
Heimdal semidiesel 1 syl., 2 takt., glødehaud. 8 hk - Gideon Under retaurering
Marna bensinmotor 4 takt., vasskjølt. - - - Delvis restaurert.
Perkins diesel 3 syl. - - Håkon -
Sabb semidiesel 1 syl., 2 takt., vasskjølt. - - Naglebet -
Sabb semidiesel 1 syl., 2 takt., glødehaud 5-9 hk - Kvikk -
Stuart bensinmotor 2 syl., 2 takt. - - Brukt i eng/norsk livbåt under krigen. Motoren er restaurert.

Bilde frå Bjørkedal båtsamlingar

Kjelder


Koordinater: 62.006082° N 6.040687° Ø