Hjørundfjordbåten (trerøring 1850)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjørundfjordbåten
Egennavn: Hjørundfjordbåten
Båttype Sunnmørsbåt
Lengde 24 fot
Antall årepar 4
Byggeår 1850-åra
Framdriftsmidler: Årer
Kommune Volda kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal båtsamlingar
Lagstilhørighet andre: Bjørkedal kystlag
Nåværende eier: Bjørkedal båtsamlingar


Hjørundfjordbåten er bygd på Bjørkedalen i Volda ein gong i perioden 1850–1900. Den fyrste eigaren av båten var truleg Bernt Johan Marinussen Håndlykken (f. 1850) busett på garden Håndlykken på Urke i Hjørundfjorden. Sonen Matias Berntson Håndlykken og Bernt Ingebertson Håndlykken selde båten til Nils Edvartson Stennes på Stennes i Hjørundfjorden i 1936 – 37. Sone Jon N. Stennes arva den og gav båten med mast og rigg i 1993 til Bjørkedal båtsamlingar.

Folke på Urke brukte båten til å ro fiske med, både i fjordane og ute mellom øyene på Sunnmørskysten. Dei brukte også båten til forskjellig transport som å frakte kyr, geiter, sauer, høy og lauv over fjorden. Langs Hjørundfjorden drog fonnene med seg bjørketre ned i strendene, som gardane i fellesskap høge til ved og lødde opp fleire stader langs fjorden. På veg til Ålesund henta dei med seg ved frå desse lagra for selje til byfolket. I Ålesund var det organisert offentleg tøming av utedoa og på heimvegen hadde hjørundfjorfjordingane med seg dostampar og hestemøkk. Innhaldet i stampane kom godt gjødsel på dei små åkrane langs fjorden. På Urke hadde dei mest geiter som gjekk ute heile året og dei hadde lite gjødsel sjølve. Får dei frakta stampane tilbake til byen igjen, måtte dei vaskast.

Jon Stennes har fortalt at faren, bestefaren og ein dreng reiste med båten til Glomset i Skodje våren 1940 for å kjøpe furutømmer til nytt fjøsgolv. Dei slepte det til Ikonnes i Sykkylven, fekk set saga til ymse material og rodde og siglde det til Stennes. Dei måtte ta to turar for å få med seg alt. Då siglde dei grytidleg ut fjorden, for å nytte utrønå. Heimover måtte dei ro.

På Stennes var det ikkje vegsamband og dei måtte brukte båten til all slags transport; føring av gras frå utslåtte i utmarka, føring av ved heim til garden, føring av krøtter, mellom anna kyr til Urke når dei skulle til okse. Transport av geiter og kje til geiteutstilling på Bjørke og Øye. På frigjeringsdagen i 1945 vart båten brukt til kyrkjebåt då dei reiste til Sæbø på takkegudsteneste. Den fyrste tohjulstraktoren på Stennes kom med trerøringen. Dei brukte den også då dei skulle legge i sjøen den fyrste plastvassledninga til garden i 1956. Frå 1950 og utover i 1960-åra slepte dei trerøringen med ei lita snekke. Etter dei fekk veg til Stennes i 1977, vart det stort sett slutt på sjøtransporten.

Kjelder

  • Hjellnes, Tove Aurdal: «Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar», i Voldaminne 2012 s. 121-140.