Bjarne Brekke AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarne Brekke AS var ei lampeforretning og eit elinstallatørfirma i Sykkylven. Bjarne Brekke hadde utdanning som elektroteknikar frå Sørlandets Tekniske Skole, dessutan lang praksis som elektrikar og lærar på yrkesskule, då han kom til Sykkylven i 1966. Saman med ein montør tok han til med vanleg installasjonsarbeid. Dei første lokala var tronge, men alt i 1970 hadde han reist eit bygg på 160 m2 i Strandgata. Dette bygget vart utvida med 170 m2 i 1973, og med 240 m2 i 1979, dessutan påbygt i høgda. Etter kvart disponerte firmaet all den plassen det trong, og kunne dessutan leige bort ein god del av arealet.

Heile tida har firmaet utført alle slags sterkstrauminstallasjonar for industri, forretningar og bustader. I 1.høgda på forretningsbygget vart det innreidd ein butikk for lampar og belysningsutstyr, mixmasterar, støvsugarar og andre elektriske småapparat. For nokre år sidan vart denne delen av forretninga avvikla, men elinstallasjonsverksemda heldt fram.

Sidan 1973 var firmaet organisert som familieaksjeselskap med Bjarne Brekke, Inger Brekke og Geir Brekke som aksjeeigarar.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.