Bjørke kyrkje (Ørsta)
Hopp til navigering
Hopp til søk
- «Bjørke kirke» har flere betydninger.
Bjørke kyrkje eller Storfjord kyrkje ligg på Bjørke i Storfjorden sokn i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke. Fordi kyrkja ligg på Bjørke, vert ho kalla Bjørke kyrkje.
Kyrkja vart bygd i 1919-1920 som ei langkyrkje i treverk (tømmer) av byggmeistrane Sivert og Edvard Gjerdsdal frå Austefjorden. Arkitekt var Mathias Brekke frå Ålesund. Innvendig måling og dekorasjon er utført av kunstmålar Johan Haddal, og altartavla er laga av Arne Kinsarvik og Karl Straume. Kyrkja vart vigsla 16. september 1920 av biskop Peter Hognestad. Ho har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Ei tidlegare kyrkje frå middelalderen er omtalt på Bjørke i Storfjorden.
Litteratur
- Aklestad, Sivert. 1937. Minneskrift. Hjørundfjord kommune 1837 - 1937. Ålesund, 1937.