Blikavegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blikavegen med Svartdal nordre (78/2).
Foto: Roy Olsen (2019).

Blikavegen i Svartdal i Seljord kommune er ein blindveg som går i bratt lende nordover frå Svartdalsvegen og ender ved Blika søndre, gnr. 80/1. Han er 1845 meter lang og går i jordbrukslandskap med innslag av skog.

Vegen har namn etter Blika-gardane (el. Bleka) og vart namnsett i 2005.

Attmed vegen ligg Bleka gruver. Gullforekomsten ved Bleka gullgruve vart funne i slutten av 1870-åra. Her var det drift frå 1882–1901 av det franske gruveselskapet Compagnie Francaise des Mines de Bamble, og i perioden 1933–1940 av Bleka gruber AS.

Kjelder


Koordinater: 59.58781° N 8.54854° Ø