Boknafjellet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Boknafjellet på øya Vestre Bokn i Bokn kommune er med ein topp på 293 moh. det høgste punktet i kommunen.

På toppen har Bokn radio- og fjernsynssendar ei 170 meter høg mast. Det går ein grusveg til toppen, der ein får godt utsyn over området.

Bokn sitt kommunevåpen består av seks sølvsirklar på blå botn, som dannar ein stilisert varde og som viser til landemerket Boknafjellet.

Litteratur og kjelder