Borsholm krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Borsholm krins i Hyllestad kommune oppstod første gongen i 1893-1900, då vart det fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul med skulestad på Åsmul. I 1900 vart Borsholm igjen delt i dei gamle krinsane Skivenes og Åsmul. I 1929 vart dei to krinsane på ny samla i Borsholm krins. Det vart bestemt at det skulle byggast skulehus midt i krinsen, på Borsholm. I 1958 var Storaker krins lagt ned og elevane flytta til Borsholm krins.

I 1965 vart Borsholm krins lagt ned og elevane sendt til Skifjorden.

Skulehus

Borsholm skule

  • Byggeår: 1907 (Hatlem krins frå 1907 til 1928)
  • Fungerte som skule: 1907-1928 (Hatlem). 1929-1965 Borsholm.
  • Anna bruksområde: Fritidsbustad

Skuledagen

Elevane gjekk på skule i to veker og hadde fri i to veker. Kvar dag starta med salmevers og vart avslutta med Fager kveldssol smiler. Det var mykje pugging i skulen på 30-talet og ein vart straffa med skammekrok eller opphald på gangen om ein ikkje kunne leksa. Ein fekk karakterar i alle fag frå første året på skulen. Dette endra seg gradvis over tid. I det lange friminuttet midt på dagen leika borna mellom anna slåball, hauk og due, siste par ut, sprette pinne og slå på ring.

Fram til 1951 var Borsholm skule samla. Frå 1951 til 1961 var han todelt, deretter samla fram til siste skuleåret, 1964/65, då den igjen var todelt. I 1961 vart 4. og 5. skuledag innført, og elevane fekk denne ekstra undervisninga ved Skifjord skule.

Skulevegen

Lærarar

Frå 1930 til langt ut på 1950-talet var det same lærar som underviste 14 dagar på Borsholm skule og 14 dagar i Storakersund. Læraren tok med seg skulekista og anna utstyr og flytta mellom skulane.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Øen Jens Borsholm skule 1944 1945
Åsmul Georg Borsholm skule 1945 1946
Kvammen Mateus Borsholm skule 1946 1947
Kvamme Alvhild Borsholm skule 1947 1948
Tuland Anne Lise Borsholm skule 1948 1949
Bjelkerøy Didrik Borsholm skule 1949 1950
Rutle Odd Borsholm skule 1950 1951
Lunde Njål G. Borsholm skule 1951 1952
Holten Oddlaug Borsholm skule 1952 1955
Sørebø Signy Borsholm skule 1955 1956
Sørebø Svanhild Borsholm skule 1959 1961
Søfteland Rune Borsholm skule 1956 1958
Sørebø Signy Borsholm skule 1958 1959
Leirpold Asbjørn Borsholm skule 1961 1962
Bygnes Per Borsholm skule 1962 1963
Tonning Sigbjørn Borsholm skule 1963 1964
Bjergene Kjellaug Borsholm skule 1964 1965
Ytrefjord Gjertrud Borsholm skule 1937 1944
Risnes S.E. Borsholm skule 1933 1936 Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Øen Finn Borsholm skule 1936 1937 Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Per Bygnes


Koordinater: 61.220545° N 5.068800° Ø