Botsvatn
(Omdirigert fra «Bossvatn»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Botsvatn (lokalt uttala Bossvatn) er ein innsjø i Bykle kommune i Setesdal. Han ligg vest for Kyrkjebygdi, med gardane Tveiti, Nesland og Dysje på nordsida og Brotteli i vestenden. Vatnet vart oppdemma i 1980-åra.
Eit forsøk på å få Bossvatn som godkjend skrivemåte vart avslått av Statens kartverk i 1980, men den forma vart mellom anna nytta i bygdesoga Heimar og folk i Bykle (2006), og er vanleg lokalt. Namnet skal kome frå grenda Botnen, der ein finn gardane Brotteli, Dysje og Bratteland.
Galleri
- Gruppe frå Norsk Folkemuseum ved Bossvatn i 1965.Foto: Unni Fürst