Dysje (Bykle gnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dysje
Dysje 2.jpg
Dette biletet frå Dysje er truleg frå andre halvparten av 1950-talet. Dei nye husa står på Evre Dysje. På denne tid var det ikkje att hus i Neire.
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 8
Type: Gardsbruk
Kveldsstemning ved Bossvatn.
Foto: Folke Nesland

Dysje ligg på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, nesten heilt oppe i vestenden. I vest grensar garden mot Brotteli, på austsida mot Bratteland. Heile dette området vert kalla Botnen.

Det var flate og fine jorde både på Neire Dysje og nedunder husa på Evre Dysje, men vatnet går nå, etter oppdemminga av Bossvatn, rett ovanfor der husa på Evre Dysje sto i seinare tid, og den dyrka marka som er att er bratt, og oppdela i mange småteigar mellom steinmurar og småufser.

Til tyding av gardsnamnet gjev Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 212 f) opp fleire alternativ: For det fyrste kan namnet vera fleirtal av dys, f, som tyder steinhaug eller gravrøys. Vidare kan det koma av eit fleirtalsord Dysjar-, som tyder «mørke Krat- eller Skovpartier med sumpet Bund og skumle Vandpytter», eller av ein samansetnadslekk Dysje-, med same tyding, som etter det Hans Ross seier skal vera kjent frå Setesdal. Eit dertil høyrande - men ukjent - elvenamn *Dysja kunne kanskje vera eit gamalt namn på «den elv som her gaar ud i Bosvandet». Gravrøysar er ikkje observerte på garden, men der er mykje rudningsrøysar. Om ein med «den elv som her går ud i Bosvatnet» meiner bekken frå Dysjetjønni, som ligg på heia attom garden, så heiter han Dysjebekken. Om det er særskilt mørkt og skummelt i dette lendet er snautt, men dugeleg myrlendt er det hist og pist, så det spørst om ikkje namnet kjem av dette.

Noko aust for Sleggjeneset er der murar etter ei husrekkje på 24 m, som må skrive seg frå eit eldre tun på garden. Eldste tunet her er det visst likevel ikkje, for alderen på murane er datert med C14-analyse til å vera berre omlag 300 år, og garden er eldre enn dette.

I 1668-matrikkelen var skylda på garden sett til 3 kalveskinn, eller eitt geiteskinn, om ein vil. 1838-skylda vart utrekna til 2 ort og 2 skilling for kvart av dei to bruka som då fanst, medan 1886-matrikkelen sette på 0,54 skyldmark for Evre Dysje, 0,47 for Neire. Samanlikningsvis kan ein merke seg at dei to bruka i Dysje til saman vart rekna å ha omlag halve bruksverdet av Brotteli.

Det gamalnorske gardsnamnet gjev eit alderdommeleg inntrykk, og er då i seg sjølv ein bodberar om høg alder. Utover dette har me ingen særlege haldepunkt for å fastsetje kor gamal garden kan vera, men med eit slikt namn lyt han iallfall vera eldre enn 1350.

Likevel må me, liksom for mange andre gardar i Bykle, nøye oss med å konstatere at me ikkje veit noko om dei som budde her fyrr godt ut i 1600-åra.

Den udela garden

Den fyrste oppsitjaren ein høyrer gjete heitte Knut. Han er oppskriven saman med «hans quinde», men utan farsnamn, i koppskattemanntalet frå 1645. Etter dette finne me ingen nemnd på Dysje fyrr i kontribusjonsmanntalet frå 1659, der det står at «Tallach eyer och bruger». Dermed veit me om to oppsitjarar på garden fyre 1660.

Når me så går til manntala frå 1660-åra, finn me to karar med dei same namna omtala. I futens manntal frå 1664 står det at Knut heitte Knut Tallaksson, og var 48 år det året. I same kjelda er oppskriven ein Tallak Tallaksson, men han står i kolonna for «Sønner», og skal vera 8 år yngre enn Knut. Av dette sluttar me at det er tvilsamt om det er den same Tallak-en som sto som eigar 5 år tidlegare, og det ligg nær å tenkje at Knut og Tallak i 1664 var brør, og at faren heitte Tallak. Dette finn me stadfesting for i prestens manntal frå 1666 det er to Tallak-ar oppførde. Den eine skal vera 82 år, og den andre, som tydelegvis er sonen, er 35. Den sistnemnde kjelda har også med Knut, som her vert sagt å vera 50 år, og dei to sønene hans. Me kjem attende til dei.

Nå finst det også eitt manntal til frå 1664, det vart au ihopskrive av presten, og der vert Tallak omtala som Tallak Torleivsson, og i jordeboka frå 1670 finn me endå eit namn på han: Tallak Taraldsson heiter han der. Men me torer meine at farsnamna Torleivsson og Taraldsson er feilføringar. Dei som har skrive manntala har nok hatt problem med å skilje greitt mellom «Taddak», «Taddaiv» og «Tårål».

Men kva skal me så seia om det som står i den gamle gards- og ættesoga (88), der det er nemnt ein Tallak Bjørgulvsson Dysje, som «var son til Bjørgulv Knutsson Nesland»? For det fyrste lyt det då peikast på at den mannen som gamleboka kallar Bjørgulv Knutsson Nesland, etter det me har kome til, i røynda heitte Bjørgulv Tallaksson. For det andre har me ikkje sett noko som tyder på at han hadde ein son som budde på Dysje. Om så var, skulle me tvillaust ha funne spor etter det i eigedomstilhøva på Nesland på 1620-talet, som er godt opplyste. Men for den saks skuld lyt me nok halde døra på glytt for at far åt den eldste av dei to Tallak-ane me har nemnt ovanfor, kan ha heitt Bjørgulv. Grunnen til det er at bjørgulvsnamnet kjem att i ætta eit par generasjonar seinare.

Det me her har kome fram til, kan summerast opp i eit familieoversyn som fylgjer:

  • Tallak (e.) (Bjørgulvsson?), f ca 1584, n 1666
g m ukj. Born, iallfall:
  • Knut, f ca 1616, g m ukj., sjå nedanfor
  • Tallak (y.), f ca 1626, g m Ingebjørg(?), sjå nedanfor

Om det er rett at Tallak (e.) var 82 år i 1666, er det rimeleg at han kan ha overlate gardsdrifta til sønene vel 20 år tidlegare, men utan å skrive noko skøyte. I så fall får me Knut som brukar og hovudperson på garden i 1645, endå om Tallak framleis var eigar i 1659.

Som det vil ha gått fram knyter det seg noko uvisse både til namna og til ættesambandet mellom dei. Det som er sagt ovanfor er den tolkinga av det samla kjeldematerialet, som me oppfattar som mest rimeleg, men det er vel mogeleg å tenkje seg andre.

Men når me kjem til Knut Tallaksson er me iallfall sikre på namna åt sønene hans.

  • Knut Tallaksson Dysje, f ca 1616, d fyre 1677(?)
g m ukj. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1648, g m Ingeleiv Knutsdotter, sjå nedanfor
  • Orm, f ca 1650, lagnad ukj.

I 1666 og 1670 åtte Knut og Tallak garden saman, men etter 1677 var det nokre år berre Tallak som svara skatt av garden, så då kan me tenkje at Knut kanskje var død.

  • Tallak Tallaksson Dysje, f ca 1626, n 1664, 1687
g m Ingebjørg Olavsdtr. (?), f ca 1651, d 1731. Ikkje kjende born.

Om Tallak var gift, er i røynda uvisst, men det døydde ei Ingebjørg Olavsdotter Dysje i 1731, som då skal ha vore 80 år, og ho kan ha vore kona hans. Når me her har valt å kople henne i hop med Tallak, og ikkje med Knut, er det avdi dei tykkjest høve noko betre saman når det gjeld alderen. Om Tallak hadde born, eventuelt saman med Ingebjørg, er ukjent, men den neste registrerte oppsitjaren på garden var i alle høve brorsonen:

  • Bjørgulv Knutsson Dysje, f ca 1648, d ca 1711
g m Ingeleiv Knutsdotter (Breive?), f ca 1639, d 1721. Born, iallfall:
  • Targjerd, f ca 1672, g m Ånund Hallvardsson, sjå Berdalen Der nede, gnr 3, bnr 1
  • Tallak, f ca 1681, g m Margit Gunnarsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor

Ingeleiv Knutsdotter var truleg frå Breive Der inne, og dotter åt Knut Knutsson. Me har ikkje noko direkte prov for dette, men det er kjent at han hadde ei dotter som heitte Ingeleiv, og etterdi ho er den einaste me har funne frå det aktuelle tidsromet med dette namnet, vert skyldskapen truleg. At Ingeleiv var gift med Bjørgulv står heller ikkje nokon stad skrive, men namnet er som sagt svært sjeldant, og når me nokre år seinare finn ei Ingeleiv Ånundsdotter i Berdalen, som var dotter åt Targjerd Bjørgulvsdotter, tykkjest det mykje sannsynleg at ho var dotterdotter åt Ingeleiv her, og i så fall lyt sistnemnde ha vore kona åt Bjørgulv.

Bjørgulv Knutsson er registrert som oppsitjar og skattebetalar på garden i åra 1689-1711, men frå 1712 tek sonen over.

  • Tallak Bjørgulvsson Dysje, f ca 1681, d 1751
g m Margit Gunnarsdtr. Bjørnarå, f ca 1685, d 1746. Born:
  • Bjørgulv, f ca 1714, g 1744 m Ingebjørg Olavsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1717
  • Olav, f 1720, jfr. Bjones
  • Ingebjørg, f 1724, d 1779, ug

I oppsitjartida åt Tallak Bjørgulvsson byrjar me å få kyrkjebøker til rettleiing, og får dermed etter kvart noko betre grunnlag for å finne ut korleis ætta hekk ihop. Margit Gunnarsdotter kom frå Bjørnarå Der heime, og var dotter åt Gunnar Olavsson og kona, Birgit Arnesdotter, fødd Lunden.

Medan Tallak og Margit var sjølvefolket på garden, tykkjest det å ha budd ein familie til på Dysje. Me veit ikkje stort om desse, men i 1736 var det ein Reidar Bjørnsson Dysje som hadde ei dotter, Ingrid, til dåpen, og året etter gravla han og kona hans ein 2 år gamal son, som heitte Andres. Tallak åtte heile garden på denne tid, og me har ikkje sett noko som tyder på at Reidar var husmann på Neire Dysje, så då reknar me med at han og huslyden hans var busetar hjå Tallak.

Mellom det sylvet Vilborg Flateland påsto ho hadde lånt bort til Reidar, var også eit par syljer, ei stor og ei lita. Den mindre kan godt ha sett ut omlag som denne, som er frå Bykle og gamal nok. Ho høyrer idag til Norsk Folkemuseum, som også har skaffa biletet.
  • Reidar Bjørnsson, n 1735, 1767
g m Anne Andresdtr. (Bratteland?), n 1736, 1737. Born:
  • Andres, f 1735, d 1737
  • Ingrid, f 1736, seinare lagnad ukj.

Kvar Anne kom frå er uvisst, men det er mykje mogeleg at ho var dotter åt Andres Tarjeisson Bratteland, for me har ingen andre aktuelle Andres-ar å peike på som far hennes.

Reidar er eit uvanleg namn i Setesdal, og det kan tyde på at denne mannen var frå ei anna bygd. Det sjeldne namnet gjer det au nokså greitt å slå fast at det dreiar seg om same personen, når han dukkar opp i seinare samanhengar. I 1744 fekk han ei dotter, Hæge, med Vilborg Gunnulvsdotter på Flateland. Denne jenta døydde året etter, men Reidar hadde nok framleis samband med Vilborg, og skulle, etter kva ho påsto, ha lånt noko sylv av henne. Dette sylvet meinte ho han hadde overlate til Olav Torsson Steinsland, og difor stemnde ho i 1767 Olav for å få det att, rett nok utan å vinne fram (jfr. Valle III, 573; VI 235 f). Utover dette veit me ikkje noko om korkje Reidar Bjørnsson eller folket hans, og kor lenge dei heldt til på Dysje, er då sjølvsagt også på vona.

Då dei skifte etter Margit Gunnarsdotter i 1746, vart eiga ihoprekna til 45 riksdalar, medan gjelda kom opp i 75. Buet var såleis formelt sett fallitt, men eldste sonen tok på seg gjelda og foddog til faren, og overtok garden.

  • Bjørgulv Tallaksson Dysje, f ca 1714, d 1787
g 1744 m Ingebjørg Olavsdtr. Stavenes, f ca 1717, d 1773. Born:
  • Olav, f ca 1645, d 1796, ug
  • Gunnar, f 1746, d 1746
  • Margit, f 1748, g 1. 1782 m Søren Åsmundsson Mosdøl, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1750, d 1827, ug., legdslem

Ingebjørg Olavsdotter kom frå Utistog Stavenes, og var dotter åt Olav Torleivsson Stavenes (y.), og kona, Gunhild Salmundsdtr. Breive.

Fyre ho gifte seg hadde Ingebjørg ei dotter, fødd 1736, med Jon Folkesson Brotteli. Kva den jenta heitte er usikkert nok. Då dei døypte henne vart ho oppskrive som Åshild, men då ho vart gravlagd 13 år gamal frå Dysje i 1749, vart ho kalla Ingebjørg Jonsdotter. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det var same jenta.

I den gamle gards- og ættesoga (89) les me at brørne Bjørgulv og Olav Tallakssøner, «truleg dela Dysje ca 1740». Dette stemmer ikkje, Olav Tallaksson var busete («innerst») hjå Bjørgulv.

I denne boka står hovudomtalen av Olav Tallaksson og Birgit Olavsdotter, som kona hans heitte, i bolken om Bjones, der dei budde på 1760-talet, så me kunne her nøye oss med å syne til det som står å lesa der. For samanhengens skuld skal me likevel taka med eit par punkt også på denne staden: Etter åra på Bjones var dei m.a. innom som busetar på Bratteland i 1774, men sidan hamna dei som husmannsfolk under Mosdøl på Mosstøyl ved Bykilsmoen, og der vart dei verande livet ut. Birgit døydde i 1782, Olav i 1793.

Då dei skifte etter Ingebjørg i 1773 vart Olav Bjørgulvsson tillotta 13/32 skinn i garden, medan Gunhild og Margit, systrene, fekk 13/64 kvar. Då dei kom til skiftet etter Bjørgulv i 1787, sto det såleis att 2 25/64 skinn, som vart vurderte til 38 rd, eller 6 dalar 8 skilling pr skinn. I tillegg kom lausøyre for omlag 19 rd, så heile buet kom opp i 57 rd. Smågjelder og skiftekostnader vart samanrekna til 65 rd., så også her var gjelda i utgangspunktet større enn eiga. Til dette kom at Gunhild meinte at ho måtte ha krav på 20 dalar i arbeidsløn for 4 år. Dette protesterte Olav på: Han hadde vore heime og arbeidd for ingenting lenger enn henne, sa han, og om ho i det heile skulle ha noko, burde ho ikkje få meir enn 3 dalar for året, dvs. i alt 12 rd. Skrivaren var samd med Olav i dette. Vidare la Olav seg oppi kven som skulle vera verje for Gunhild. Skrivaren hadde gjort framlegg om Vetle Åvoldsson (sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4), men han meinte Olav «som en fattig Huusmand var gandske uvederheftig, og proponerede i hans Sted Paal Evensen Stavenes.» Han som endeleg vart tildela oppgåva, var Gunnar Knutsson Nesland. Etter dette kunne skiftesamlinga avsluttast med at Olav overtok garden og gjelda.

  • Olav Bjørgulvsson Dysje, f 1745, d 1796, ug

Etter at Olav døydde som ungkar i 1796, vart den gifte systera og mannen hennes dei neste oppsitjarane.

  • Margit Bjørgulvsdotter Dysje, f 1748, d 1828
g 1. 1782 m Søren Åsmundsson Mosdøl, f ca 1745, d 1798. Born:
  • Åsmund, f 1782, g 1814 m Birgit Tarjeisdtr. Ryningen, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1786, d 1786
g 2. m em Alv Tovsson Mosdøl, sjå Holen Der uppe, gnr 12, bnr 2.

Søren Åsmundsson var frå Berget Mosdøl, gnr 13, bnr 2, og son åt Åsmund Gunnulvsson Mosdøl og kona, Gunhild Sørensdotter, fødd Mosdøl (jfr Valle VI, 252 f). Inntil han og Margit fekk overtaka Dysje, hadde dei fyrst vore busetar i Berget, og sidan einkvarstad i Trydal. Søren døydde alt i 1798, etter berre 2 år på Dysje.

Margit og son hennes vart buande til ho i 1804 gifte seg omatt med enkemannen Alv Tovsson Mosdøl i Holen Der uppe, og flutte heim til han. Då ho døydde i 1828, vart ho oppskrive som fatiglem.

Det er mykje truleg at her kan ha vore brukarar i tida mellom 1804 og 1814, då Åsmund Sørensson gifte seg, men kven det i så fall var, veit me ikkje. Det me har sett er at Åsmund åtte garden og vart notert som gardmann i kyrkjeboka, då han sto brudgom, og at dei 5 yngste borna hans vart døypte frå Dysje.

  • Åsmund Sørensson Dysje, f 1782, d 1857
g 1814 m Birgit Tarjeisdtr. Ryningen, f 1792, d 1880. Born:
  • Ingebjørg, f 1815, g 1849 m Tor Hallvardsson Øyne, sjå Valle III, 579
  • Bjørgulv, f 1817, d 1869, ug
  • Olav, f 1820, g 1850 m Ingebjørg Hallvardsdtr. Holen, sjå Haugo under Holen
  • Olav, f 1822, d 1877, ug
  • Tarjei, f 1826, d 1843
  • Søren, f 1829, d 1829
  • Søren, f 1833, d 1833

Birgit Tarjeisdotter vart notert med etternamn Ryningen då ho gifte seg, så då har ho budd der. Men foreldra hennes var Tarjei Olavsson Nesland og kona, Birgit Olavsdotter Dysje. Tarjei Nesland att var son åt Olav Olavsson Gjerden, og Birgit Dysje var dotter åt Olav Tallaksson Dysje. I den gamle gards- og ættesoga (125) står det at Tarjei var gift med syster åt Birgit, Margit Olavsdotter Dysje, men det er då altså gale. Tarjei og Birgit budde nokon kvar stad, men i denne boka er dei nærare omtala under Torsbu, der dei var brukarar i 1801. Endeleg skal nemnast at Olav, son deira, og altså bror åt Birgit Tarjeisdotter her, var husmann på Strandestøyl.

Det er truleg at Åsmund Sørensson har stelt seg med meir gjeld enn det han kunne få garden til å bera. Iallfall ser me at han ikkje greidde å sitje med han: I 1815 selde han halvparten, dvs. bnr 2, til Åvold Jonsson Nesland, i 1819 vart denne parten matrikulert til eit bruk for seg. I 1818 hadde Åsmund måtta selje også Evre Dysje. Kauparen var Olav Gunnarsson, ein son åt Gunnar Knutsson Nesland. Prisen for det øvre bruket var 211 speciedalar, medan det nedre gjekk for 166.

Men om han hadde selt garden, så hadde Åsmund fyrebils ikkje nokon stad å reise. Det fekk ikkje hjelpe om det hadde vorte nokså trongt i stoga etter at Olav Gunnarsson og folket hans flutte inn, det var truleg hausten 1818. Åsmund, Birgit og borna deira fekk verta buande som busetar hjå kauparane iallfall i 7 år etter salet. Då dei i 1826 døypte sonen Tarjei, var dei framleis i Dysje.

Men då dei i 1829 døypte Søren, vart det oppskrive at Åsmund var husmann i Bjones, og då den neste Søren vart døypt i 1833, var dei innerstfolk i Utistog Stavenes. At det var rom for endå ein huslyd i Bjones mot slutten av 1820-åra, kan ein undre seg over, men det var det altså. I Utistog Stavenes var det nok romslegare hus, men også der laut dei bu ilag med andre folk, som dei rett nok var litt skylde. Sidan vart det å flytje frå den eine staden til den andre, attende til Dysje i 1831, til Nordtveiti eit par år seinare, og så vidare, inntil Åsmund døydde som fatiglem i Dysje i 1857, og Birgit døydde i Haugo Holen i 1880, også ho som fatiglem.


0941 Bykle komm.png Dysje (Bykle gnr 8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Strandestøyl • Neste bolk: Evre Dysje