Brænna (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brænna | |
---|---|
Rydda: | Omkr. 1840 |
Stad: | Krundalen |
Sokn: | Jostedal |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Type: | Husmannsplass |
Brænna var ein husmannsplass under garden Bergset i Krundalen i Jostedalen, no Luster kommune.
Brænna vart rydda av Ole Rasmusson Bergset (1796-1873) og kona hans Johanna Tøgersdotter (1805-1867) kring 1840. Plassen låg kring 150 meter vest for det noverande tunet i Bergset og var såleis den buplassen i Krundalen som nærast Tuftebreen, som på dette tidspunktet framleis gjekk ned i dalbotnen.
Plassen vart nedlagd etter at Ole døydde i 1873, og jorda gjekk attende til garden.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 913. (Digital utgåve, NBdigital)