Bratsberg-Demokraten
Bratsberg-Demokraten, seinare Telemark Kommunistblad, vart gitt ut i Skien i Telemark frå 1908 til 1929. Avisa var frå byrjinga organet til Bratsberg amts arbeiderparti.
Historikk
Bratsberg-Demokraten vart starta som ei Arbeiderparti-avis som vart starta 7. april 1908[1], då partiet trengte eit talerør i Telemark. Frå 10. januar 1921 vart avisa slått saman med avisen Nybrott til Folkets Dagblad, men fusjonen vart avvikla 19. mai året etter, og både Nybrott og Bratberg-Demokraten fekk difor leve vidare.
Etter splittinga i Arbeiderpartiet i 1923 vart avisa talerør for det nystifta Norges Kommunistiske Parti, og frå 2. januar 1924 skifta avisa namn til Telemark Kommunistblad. Etter dette vart den drive som NKP-avis fram til 28. juni 1929.[2]
Avisa gjennom forskjellige periodar
- 1908-1914: Organ for Bratsberg amts arbeiderparti
- 1914-1920: Organ for Bratsberg amts socialdemokrater
- 1920-1923: Organ for Arbeiderorganisationene i Telemark fylke. (I perioden 1921-1923 vart avisa slått saman med Nybrott og kalla Folkets Dagblad.)
- 1923: Organ for Det norske arbeiderparti (Avd. av Den Kommunistiske Internationale) i distriktet Skiensfjorden, Vest-Telemark og Kragerø-distriktet.
- Seinare i 1923: Organ for Norges kommunistiske parti i Telemark.
- Avisa heldt seinare fram som Telemark Kommunistblad.
Redaktørar
- Eivind Reiersen 1919 - 1921 (et stykke inn i Folkets Dagblad-perioden)[3]
- ---
- Johan Ødegård 1923 - 1924
- Eivind Reiersen 1925 - 1929[4]
- Hermann Hansen 1929
Arkiv
Arkivet etter Bratsberg-Demokraten er ordna ved Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Sjå oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Johansen, Tor Are (2010). «Nybrott». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. bind 4 Norsk presses historie 1660–2010, Oslo, 2010.
- Lorenz, Einhart, Det er ingen sak å få partiet lite. NKP 1923–1931, Oslo, 1983.
- Lorenz, Einhart, NKPs presse i 1920-årene, Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie', Oslo, 1/1979.
- Oppføring på arkivportalen. (lest 17.7.2017, kl. 14.00).
- Rønning, Ole Martin, «Norges Kommunistiske Partis presse» i Arbeiderhistorie 2004. Årbok for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Referanser
Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Bratsberg-Demokraten» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden. Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon. |
- ↑ Johansen, Tor Are (2010). «Nybrott». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. bind 4 Norsk presses historie 1660–2010]]. Oslo: Universitetsforlaget. s. 255.
- ↑ Lorenz, Einhart, Det er ingen sak å få partiet lite. NKP 1923–1931, Oslo, 1983, 168–169
- ↑ Eivind Reiersen, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD), 29. januar 2011
- ↑ Ole Martin Rønning, «Norges Kommunistiske Partis presse» i Arbeiderhistorie 2004. Årbok for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.