Brattli (Fedje gnr 168 bnr 56)
Brattli | |
---|---|
Bnr 56 Brattli i 1951. | |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 56 |
Adresse: | Skotholmevegen 12 |
Brattli er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Marie Tangen f. 1904 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-20a) d. 2000 g. 1924 m. Oskar Uthaug f. 1902 (gnr 168 bnr 67-1a) d. 1982. Skøyte tinglyst 1938 på tomt frådelt gnr 168 bnr 26 i 1932. Tilleggsareal bnr 98 frådelt gnr 168 bnr 26 i 1946. Huset vart bygd i 1929, tidlegare budde dei i Midt-Tangen. Marie hadde ei ku og to sauer. Oskar var fiskar, m.a. medeigar i M/S «Prinsen», og M/S «Feiefjord» frå 1931 til 1967.
Born: a. Peder Kristoffer Uthaug f. 1925 d. 1985, arb. Televerket, g.1.g. 1948 m. Ragnhild Skår f. 1920 Bergen d. 1955, born: Per-Ove Uthaug f. 1948, sjå nedanfor, og Randi Marie Uthaug f. 1950, sjå nedanfor. Dei to borna vaks opp her hjå farforeldra. Peder g.2.g. 1956 m. Marta Serine Lægreid f. 1928 Årdal i Sogn d. 2020, busette Bergen, deira born Magnar Uthaug f. 1957, bustad Bergen, Ottar Uthaug f. 1959, bustad Bergen, og Jens Uthaug f. 1960, bustad Oslo. b. Bergit Solveig Uthaug f. 1930 d. 2014 g. 1956 m. Magnus Rognsvåg f. 1927 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17d) d. 2012, bygde der (gnr 168 bnr 128). c. Otto Martin Uthaug f. 1931 d. 2011, maskinist, g. 1954 m. Else Liv Olsen f. 1934 Bergen d. 2018, busette der, deira born Elisabeth Uthaug f. 1960, bustad USA, Gordon Uthaug f. 1961, bustad Bergen, og Glenn Otto Uthaug f. 1967, bustad Gjerdrum.
2. Skøyte 1974 på bnr 56 og bnr 98 med ¼ til kvar av Otto, Peder, Per-Ove og Randi, sjå nr 1. Peder sin del vart skøytt vidare til borna Per-Ove og Randi i 1991, slik at dei eigde ⅜ kvar. Frå 2016 eig Per-Ove og Randi halvparten kvar. Huset vart renovert på 2000-talet, og vert brukt som fritidsbustad.
3. Per-Ove Uthaug f. 1948 (sjå ovanfor), kontormedarbeidar, g. 1972 m. Ingunn Andersen f. 1947 Florvåg på Askøy, barnepleiar, busette der, frå 2012 Kleppestø på Askøy.
Barn: a. Hilde Marie Uthaug f. 1982, pedagogisk medarbeidar barnehage, bustad Laksevåg i Bergen.
4. Randi Uthaug f. 1950 (sjå ovanfor), butikkmedarb., g. 1974 m. Nils Terje Bruvoll f. 1952 Bergen, bussjåfør, bustad Askøy, seinare Bergen.
Born: a. Marianne Bruvoll f. 1978, konsulent, samb. 2005 m. Ronny Lund Monsen f. 1961 Knarrvika i Fjell, bussjåfør, busette der, no Øygarden kommune. b. Thomas Bruvoll f. 1984, sjåfør, g. 2017 m. Therese Frotvedt f. 1990 Fana i Bergen, konditor, bustad Florvåg på Askøy.
Brattli (Fedje gnr 168 bnr 56) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27) • Neste bolk: Skotholmevegen 13 (Fedje gnr 168 bnr 93) |