Kjeldearkiv:1889-01-04 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-01-04 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 4.1.1889
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 49
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Siljord 4de januar 89.

Godt nyår hr. stipendiat!

Nei d’er da eg seie: D’e’ plent hoggande so dykk var elta ihop av graut adle ihop. Ikkje ein gong bli “imponeret” når dykk høyre, at ein av dalens eigne søner – ein laps som dei andre – 17 mil neafor folkeskjikken held fy-re-dra-ag um sol- og måneformørkels og lofotfiskeri og vestlandsk nasjonalitet og mange andre guddommelige aspekter! Neiggu so eg skjøna elde førstaar! Og eg som ha gjort so skråsikker rekning på, at heile dalen skuld’ møte meg yst i Fåberg med basunliud og hallellu(nei)-ja. Eg ha alt fåt ho Anne Mogan te å slegje ein ny plakat i brokbotn på likaste broken mine, som eg so vil gjøyme på kistbotte til den store dag oprinder. Ja, for det er det store ved den nybrokje mi, at det ikkje er hol på noko av kneom. – Eg gro fast attåt Utgare? Du tøvra no hr. stip. Å nei, vårherre er nok so sløg, han har ikkje skapt den flekken enno, som eg gror fast attåt. Attåt Utgare er det no au mange nok førr grott fast. Det fær sjangla som det kan no, til eg fær lært meg sjøl lite meir og fær prøvt meg noko bære. Og ha eg so vore lite – å – ikkje so reint lite held – meir praktisk og meir gudeleg da, so kan det hænde, eg ha slegje meg ne uppi dalom der inkun sta’n og peist på med ein ny gussens innstiftelse. Men når desse tvo ting vanta, so står ein forlabba; – so ha det vore frå dagenes begyndels og so blir det til dagenes ende.

Um eg er på rette hylla der, veit eg neiggu ikkje du. Eg tykjest kjenna det so ender å gong; men det er vel berre, når eg er riktig rett lonsa. Ender å gong att so går det so turt og kjørkje og seigt, at det blir klår ideleg skjit av alt saman enda eg kan ha laga meg på med noko reint sers. Når ikkje den eine tanken lett og greidt hektar seg i den andre, so er det noko som ikkje er rett ved svinghjule. Og det kan treffa ibland, veit du, når det står på timesetelen, at på det og det minut skal du brennande dø ha ånden over deg. – Hellest har det gåt rektig fægjandest i heile vinter og bære trur eg det skal gå etter jol. Berre inde å fikt ha det svartna for augo, når eg ha tenkt på, kor snøype det blir med mat i mund og klæe på kroppen av dette arbei – åt ein skrott enda til. – Når ikkje tanken føer mann sin, so er det skjit. – Nei når eg tenkjer meg um, so skulde eg endeleg buskapa uppi dalom der eit tak berre for Våge-måle skuld. Eg lyt bære inn i heimemåle mit, kor [...] det går til. For no er eg so målvill og fatik og arm, at det er som eg nettupp var “anländt från språkförbistringen i Babel”. –

For det er noko av det likaste av alt saman det, å lære folk lesa og skrive sit eigje morsmål.

I overmorgo – fjortandagen – begynda skulen att. Det fyrste eg da har å gjera er å fortelja um Danmark – og Sønderjylland. Det gler eg meg te å få friska upp att den sumaren på Als, og det eg lærde der. – Men imorgo er det folkemøte her, ja kanskje månda’n med, og månda’snatt stryk Ullmann att og kjem vel alder meir att ivinter. Neimen fær dei ikkje stort gagn av Ullmann i vinter. Det var tvo dagar fyre jol, han kom att frå utlandom, og no i helgi heldt han tvau lange foredrag på kommunehuset um reisa si. Det var morske ting det du! Han fortalde um Rom, Venedig og Milano, Schweiz og Tyrol og det siste og beste – ei vitjing hjå Henrik Ibsen i München. Eg har alder høyrt eit einaste foredrag av Ullmann, eg vilde byta burt desse her i.

Enda han fjuska meg i handverke, styggen; men han rokk hardle upp mot meg sjøl te å fortelja geografi, so det gjorde no just ikkje noko. Hjå Ibsen hadde han ein framifrå koseleg kveld. Og han prata um seg sjøl og um Noreg og um Bruun og um alt moglegt og var so open og lettliva at ingen skulde tru, det var Ibsen. Det er nok ei ny sia av seg han hæra på venda ut, Ibsen no. Det synest på i siste boken has au. Der er det noko av den gamle Ibsen som skreiv Per Gynt, men noko av ein splinter ny Ibsen. For mine part er “Fruen fra havet” eit storverk som eg sett tusen gongo høgre held alle dei andre nye av Ibsen ihop. Og det kan vera det er noko i den tyske doktors ord, at Ibsen er den største ånd i Europa som no er oven mulde. – Men kvar har no sin avgud, måta. Det er no kvæeboki åt Ibsen som er vorte min huspostidl.

Heile denne jolhelgi har eg slarka som eg plegar. Enda eg som vanlegt tenkte meg til å lesa og skrive og gjera gagn reint veonderslegt. Spela “vist”, ete og drukkje, småhikra på haringvis, storkneggja på dølavis o. s. b. til kl 2–3 kvar kveld; sove te kl 11 og slarka til kvelds. Og so havt lag. Eit par reiso både på skula og på Bjørge. Og eg ha gjennast lote te pæls med ein Vossastubb held ei Sygna-regla held ei Vika-skrøne av Kal Olsen[1] soleis te trøst og troens bestyrkelse. –

Ja det er grovt som eg er komen i dralten med å lesa upp av skrivten. 2dre joldagen fekk eg ei fælande høfleg innbjoing frå avhaldslagje i Siljord um å møta fram 6 præcis på kommunehuse med ei heil ryggjebør diverse skrivter. Og so sat eg der da midt i det hellige samfund og las av Knut Spødervoll og Lars Linderot. Men etter jol vil eg te lesa Per Gynt på skula um laurdagskveldane da, tenkjer eg.

Jolbukkerie blir nok forgamalt her au. Eg ha ’kje set meir’n 3 stykkje heile helgi og det var ho Anne Nes og Tone og Anne Svejnson som var uppe hjå meg og Botnen ein kveld og gjorde støy oc opstandelse. – Soleis er heile 14 dagar susa og dusa burt. Jau eg kom so vidt igjår; at eg fekk rivi ihop eit skarve brev åt om Per Sivle. Det var berre eg “kravsa på samvete” has og sa, vi sat her i kokvis og venta på meir norsk, anten det va syskjen åt V.stubba held åt “Soger” held åt Tord Foleson, for kristeleg avismat ha vi nok av, sa eg, og so ba eg han lesa eit skagodt dikt frå gamle daga um Erling skakke og Sverre prest av ein som heiter Per Sivle. Ja eg brukte ingen stygg kjeft; for eg veit, kor ilt Sivle har det. –

Og so dei knarkane dine, ja. Jauggu lyt du skrive dei færuge, kor det spennest. Når no berre det nye “lutlage”[2] kjem på gli, skal du sjå det blir leik. – Men um dei no serleg har sett seg for å arbeie upp det “vestlandsk-nasjonale”, so trur eg då ikkje, det blir meir trongsynt styre, held alt slepp fram, som er noko vær. – Ja denne folkeskilnan åt Vinje i “austland” og “vestland” er no noko forbanna rør, difor innstifta eg dei i sin ti på skula ei an deling: i fjellbu og fjorbu og flatbu held: hest og sau og ku (naut). Fedrah. au da kroken! Joggo er du løgje, du Ivar M![3] – For tvau år sia i joli sat eg i Askov og skreiv ein stubb åt F.h.; men som eg ikkje såg meir til. Og væl var det. Men no – 2 år baketter – da eg minst av alt vil ha ho der, då er han Iva mann for å få regla på prent og so kjem ho i siste nr for i år.[4] – Snørlivstakkromantik so det berre røi’e på’n, um eg ikkje hugsar imist. Du skuld ikkje bry deg meir um gamle papirkorgje F.heim.

– Har Åsmundstaden vore uppe hjå deg? Dykk pratar no vel istand eit nyt norsk tidsskrivt, da veit eg, og mange andre slags remelier på norsk. [...]

– Um eg kjem på Jørstadm. å explodere, veit eg ikkje. Fær eg laga det, so eg kan gjera det på Gråtarm. stryk eg vel dit. Men eg veit ikkje kor [...] mange staer eg skal melda meg. Veit du det? Ja du har no vel færug skreppa mi te det li ut i april; for det er greidt, det ber på rangel trast. – Sumaren har eg no sett meg for å bruke reint aparta fornuftogt: Strende umkring i det ganske land ein månas tid, dersom eg slepp bra billigt frå di. – Eg lyt freista med ein held an’ agenturspekendasi – og hellest vil eg liggje roleg anten her held hisset og lesa geografi og hikstori. – Øverlands Norges-hist. som eg baska på og kjøpte te jul.

Pål og Iver lyt du helsa og segja, dei lyt pakke seg åt Danm. i vår kor djæven det snur. Vil dei tene um sumaren og gå på skule um vinteren, skal [eg] prøva å skaffe dei plass. Dei har godt av ein pers på dansk bondeskjikk. Men hellest vil eg rå dei til å leggje seg etter meierilære i Danm. Vera eit par år på eit dansk nymotens meieri og koma heim og reformere mjølkestelle uppi Gbrsd. Ein flink meierist i Danm har avråi te løn. Men eg kan ikkje segja meir um det, for eg eig ikkje ringaste høns på den slags geschæft. – Hellest kan du segja Iver, at eg snart skal “trøkkje meg bære ut” åt ’om; men fyrst ventar eg eit lenger brev.[5] Ja no lyt du sende eit brev på ei halv våg da, hr stip. og det med fyrste post.

Helsing åt dykk alle frå

Kristian

Fotnoter

  1. Pseudonym for Julius Theodor Løvstad.
  2. Tiltaket var kunngjort i Fedraheimen 16. november 1888 gjennom annonsen «Innbjoding til lutteikning til eit nytt maalsamlag i Bergen». Ideen hadde teke form på eit målmannsmøte i Bergen 15. september same året. Laget skulle gje ut bøker på norsk og arbeide for folkeopplysning og folkemål, men ikkje stø noka særskild åndsretning. I Fedraheimen 21. desember 1888 minner eit usignert innlegg om at austlendingane òg må få plass med sitt mål, og at ein ikkje må la oftedølane få makta.
  3. Ivar Mortensson-Egnund, redaktør i Fedraheimen.
  4. Forteljinga "Dei tvo" i Fedraheimen 28. desember 1888. Underskrift med fullt namn.
  5. Prestgard-samlinga i NAHA-arkivet ved St. Olaf College, Northfield i Minnesota, har fleire brev frå Iver Kleiven til Prestgard i 1888–90. Iver bed Prestgard m.a. om råd og hjelp til eit arbeidsopphald i Danmark.