Brynesteinvegen (Tokke)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Tokke%2C_Brynesteinvegen-1.jpg&width=400)
Parti fra Brynesteinvegen i Eidsborg med garden Lofthus nedre (gnr. 31/2).
Foto: Roy Olsen (2021).
Brynesteinvegen i Tokke kommune går frå Eidsborgvegen i ei boge gjennom grenda Eidsborg og attende til same veg ein snau kilometer lengre fram. Han er 1 345 meter lang og går gjennom vakkert jordbrukslandskap med fleire gardar.
Vegen har namn etter brynesteinsbrotet i Eidsborg.
Heilt sidan 700-talet var sal og eksport av brynestein ei viktig inntektskjelde for bøndene i bygda, og brynesteinen reknast ofte som den eldste eksportartikkelen i norsk historie.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Lokalhistoriewiki: Brynesteinsbrotet i Eidsborg