Byttestykket (Fedje gnr 168 bnr 23)
| Byttestykket | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 23 |
Byttestykket var eit småbruk i Fedje kommune.
Som nemnt i innleiinga under Børo, vart dette bruket oppretta i 1875 då Børo vart delt i tre delar. Byttestykket ligg mellom Børo og Brotet. Matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 15 øre. Arnold Kahrs (Kremmarholmen gnr 169 bnr 2-1) fekk skøyte på det etter delinga. Han skøytte det vidare til Endre Andersen i Vika (gnr 168 bnr 28-14) i 1898 for 400 kr, slik at det vart drive saman med det bruket, sjå der for eigarar/brukarar. Det har etter 1900 vorte frådelt tomter på det området som vert kalla Børhaugen.
| Byttestykket (Fedje gnr 168 bnr 23) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Husmenn på Børo • Neste bolk: Børhaugen |