Christian Bastholm Heltberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pastor Heltberg.
Foto: Ole Tobias Olsen

Christian Bastholm Heltberg (fødd 26. juli 1809 i Bjørnør i Fosen, død 17. oktober 1871 i Romedal) vart student i 1830 og tok teologisk embetseksamen 15. september 1836. Heltberg vart utnemnd til personleg kapellan i Stange 30. mars 1836.

Prest i Jostedalen

2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i Jostedal kyrkje etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jostedalen 29. november 1845.[1] I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten Johan Henrik Lind fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i Aurland, medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.[2]

Som dei to forgjengarane var Heltberg ordførar i Jostedalen. Han avløyste Lars Tøgerson Kronen i det ordinære ordførarvalet 20. januar 1847 og vart attvald så lenge han var i bygda, siste gongen 8. januar 1853. Men berre ein månad etter fekk han eit nytt prestekall, og 13. juni 1853 overtok viseordførar Johannes Halvorson Vamberg ordførarvervet.[3]

Gardbrukar og formannskapsmedlem Anders Andersson Haugen møtte som setjeordførar på amtsformannskapet sommaren 1850 fordi Heltberg var oppteken med bispevisitasen 4. august same året.

Nesset og Romedal

Heltberg heldt avskilstala si i Jostedalen 10. juli 1853 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Nesset 8. februar same året. 29. september 1858 vart han òg prost i Romsdal prosti. 14. mai 1864 vart han så sokneprest i Romedal der han budde resten av livet.

Notar

  1. ↑ Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845
  2. ↑ Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186
  3. ↑ Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 38a, 49a, 61b, 72b og 74b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur og kjelder


Forgjengar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Johannes Halvorson Vamberg