Dølens Framtid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dølens Framtid var eit fråhaldslag som blei skipa i Drangedal i 1894. Laget var ei lokal avdeling av Det Norske Totalavholdsselskap.

Historikk

Ved skipinga hadde laget 33 medlemar. Det var Elisabeth Edland som fekk skipa laget då ho kom til Drangedal same året. "Ho kom som eit pinsever over avholdssaka i bygda. Det var ein ung frisk nasjonal dåm over henne, og ho reiv alle med seg, serleg ungdomen", skriv Olav Sannes i bygdeboka for Drangedal.

Laget hadde si blomstringstid frå 1907-1914. I 1907 stod heile 335 oppført som medlemar i laget. I same periode kom tanken om å skipe eit eige fråhaldsblad opp, og laget løyvde pengar til dette arbeidet. Bladet blei starta opp, men det varte ikkje lenge før avisa opphøyrde. Det var særleg kring samlagrøystingane aktivitetet tok seg opp.

Prestestranda hadde laget oppsikt med smughandel men alkoholhaldig drikke. Fleire personar blei melde til lensmannen for sal av rusdrikk, men sakene blei stort sett henglagt grunna bevisets stilling.

Ved forbodsrøystinga i 1926 hadde laget førebudd seg godt. Av dei 1796 røystene var 1524 for å oppretthalde forbodet frå 1916. Berre 272 ville oppheve det.

Arkiv

Arkivet etter Avholdslaget Dølens Fremtid er oppbevart av Drangedal Historielag. Sjå [Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon.

Kjelder

  • Nordstoga, Torvald, Sol gjeng upp - sol gjeng ned : trekk frå edruskapsarbeid i Telemark, Strømmen : Pro Anno forl., 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sannes, Olav, Drangedal med Tørdal : ei bygdesoga, Drangedal : s.n, 1924. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.