Dagne Tveiten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagne Tveiten.
Foto: Ukjend / Norsk Folkemuseum

Dagne Tveiten (1907–1988) var fødd på Tveiten Austre (Fyresdal gnr. 94/1) i Hauggrend i Fyresdal kommune. Foreldra var Olav Jonson A. Tveiten (1863-1949) og Sigrid Torjusdotter N. Toen (1877-1936) som vart gifte i 1903. Dei fekk 10 barn og av desse var Dagne den fjerde. Dagne drog nok tidleg til Oslo og det vart til at ho vigde det meste av livet sitt i Norsk Folkemuseum si teneste. Men fyrst var ho hushjelp hjå ein tannlækjar på Grefsen eit par år og så hushjelp(?) på Island i to år. Ho var sers historieinteressera og sa fleire gonger at ho ville ha studera arkeologi og historie dersom ho hadde hatt høve til det. Dagne gjekk på Statens kvinnelige industriskole i Oslo, litt usikkert når dette kunne vere. Svigerinna Signe Tveiten gjekk og der, men ikkje samtidig.

Oppsynskvinne

Dagne var tilsett i oppsynet som det heitte i tidlege tider, og tittelen var oppsynskvinne. På Folkemuseet er bygningar frå Aust-Telemark samla i eit tun medan bygningar frå Vest-Telemark er spreidde litt rundt dette, til dømes bur og loft frå Rovshus i Tokke. Dagne heldt difor til i Hovestua og nytta Aust-Telemarksbunad. Norsk Folkemuseum har i 2017 ikkje bibliotekar og har ingen opplysningar om oppsynskvinna Dagne tilgjengeleg. Noko tidlegare var ei anna kvinne frå Fyresdal tilsett i oppsynet, det var Asgjerd O. Haugen (1861-1937) frå Haugen Nedre (Fyresdal gnr.44/1) i Hegglandsgrend. Ho var tilsett i perioden 1894 til 1936. Om henne veit ein at ho nytta bunad frå Fyresdal, men ho hadde truleg ikkje Telemarkstunet som sitt serlege område. På ei lenke til NF kan ein sjå henne. Dagne elska Folkemuseet, mykje av hennar innsats la ho ned der, men under krigen 1940-1945 var ho heime på Tveiten og hjelpte broren Jon Tveiten som då var ugift. Etter krigen var det igjen Folkemuseet som drog henne inn att til Oslo.

Tradisjonsformidlar

Dagne Tveiten som oppsynsdame i Hovestua på Norsk Folkemuseum.
Foto: Mittet.

Praktisk

For Dagne var det viktig å formidle tradisjon og då serleg huslege syslar. Ho demonstrera ivrig korleis ein utførde mellom anna diverse former for vevnad, det vere seg vanleg flatvev, dobbeltvev, oppstadvev eller bandvev i støre, sjølvsagt og spinning og oppsetting av vev. Dette vart dokumentert på ei rekke foto som er tilgjengeleg på Digitalt Museum (sjå lenke under). Dagne vevde mykje i alle år, det var serleg kopiar av alle slag gamle teppe på Folkemuseet. Som pensjonist vevde ho serleg Nordlandstepper medan svigerinna Signe Tveiten vevde Telemarkstepper. Dagne og Signe samarbeidde mykje om farging av garn, Signe var sers flink med farger og lika å eksperimentere. Dagne tok og for seg alt omkring det å bake flatbrød (flatbrau), dette vart og dokumentert og er tilgjengeleg på nett på liknande måte.

Skriftleg

Her var ho og ein ivrig tradisjonsformidlar, men utan tilgang til NF veit vi lite om det. I ein avisartikkel frå 30. juni 1990, usikkert i kven av fylkesavisene i Telemark, stod denne artikkelen der ho nok har kunnskapen sin frå hennar barndom på Tveiten i Hauggrend:

Neppebrau var nistemat.

Til sumarsmaten trong ein «Neppebraud», kneppeflatbrød, fortel Dagne Tveiten frå Fyresdal i ein artikkel ho skreiv i 1961 om «Flatbrødbaking på ein Telemarksgard» fram til 1920-åra. Det var uråd å frakte flatbrødleiven med seg til seters utan at det vart soll av leiven, stor og tunn som han er, skriv ho. «Neppebraudet vart ikkje steikt så sterkt. Ein tok leiven medan han var mjuk, bretta han fort inn frå 4 kantar og la han saman om lag som ei lommebok. Så gjekk det fint å bere det i ein sekk på ryggen og surra fast til ein bakmeis. Me brukte ikkje poteter på setra, fortel Dagne Tveiten. Ein bløytte leiven i vatn, ein halv leiv til manns, så laga me bite og duppa han i sausen eller feitet. Fleskebiten eller fisken hadde me på ein tunn braudmole, og så åt ein opp alt. Det var lettvint og greitt og ingen oppvask. Det gjekk ei herme etter ein mann i bygda (Fyresdal) som måtte til doktar for magen, og doktaren sa: «Du må ete bare flatbrød». «Må eg så ikkje eta nept», seier herma, «han skulle på heii og slå, og lura på korleis han skulle greie seg då!»

Lyden "k" i ord som "kneppe" vart borte i dialekten i Vest-Telemark og Setesdal. "Å neppe" vart nytta både om å brette og å kneppe. Åsta Østmoe Kostveit skriv at leiven vart steikt litt til etter at den var bretta slik at den ikkje skulle mygle.

Epilog

Dagne Tveiten er gravlagd på Østre Aker kyrkjegard i Oslo.

Biletgalleri

Eksterne lenker

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Tveiten, Dagne: Flatbrødbaking på ein Telemarksgard. By og bygd B. 15 (1961) s. 136-138
  • Tveiten, Dagne: Husflitsarbeid på ein Telemarksgard først i dette hundreåret. By og bygd B. 15 (1961) s. 132-135
  • Tveiten, Dagne: På heislått og i høyskog i Vest-Telemark. By og bygd B. 24 (1973) s. 93-98
  • Østmoe Kostveit, Åsta: Ta til takke. Det Norske Samlaget 2005. s. 39
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III. Fyresdal kommune 1992
  • Thorbjørnsrud, Sigrid. Oslo. Dotter til Åsta Tveiten som var syster til Dagne.
  • Dagne Tveiten i Historisk befolkningsregister.
  • By og bygd i Nasjonalbiblioteket