Dalen Arbeiderforening avd. 46 NKIF
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dalen Arbeiderforening heitte frå byrjinga Dalen Cementindustriarbeiderforening. Foreninga vart stifta på Folkets Hus i Brevik 6. januar 1924, og gjekk inn som avdeling 46 i det nydanna Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. Foreninga heldt til i Brevik i Porsgrunn kommune, og var tilknytt sementfabrikken Dalen Portland Cementfabrik som markerte storindustriens inntog i Eidanger.
Den kjemiske foreninga var ei samanslutning av fire foreningar som til då hadde vore verksame på Dalen:
- Dalen Anleggsarbeiderforening, stifta i 1916 som avdeling av Arbeidsmannsforbundet.
- Dalen klubb av jern og metall, stifta i 1917. Del av Brevik Jern- og Metallarbeiderforening.
- Dalen Trearbeiderforening, stifta i 1917.
- Brevik Elektrikerforening, stifta i 1918.
Arkiv
Arkivet etter Dalen Arbeiderforening er ordna ved Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark. Oversikta over innhaldet i arkivet finn ein på arkivportalen.
Kjelder
- Mæland, Helge, Med samarbeid som våpen: Dalen arbeiderforening 75 år: 1924-1999, Skien, 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.