Dalsfjord kyrkje
Dalsfjord kyrkje | |
---|---|
Biletet viser kyrkja og litt av kyrkjegarden. Foto: Magnar Høydal (2010).
| |
Stad: | Dravlaus i Dalsfjorden |
Byggeår: | 1910 |
Endringar: | 1963: Omfattande renovering. |
Kyrkjegard: | Rundt kyrkja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Søre Sunnmøre |
Prestegjeld: | Volda |
Fellesråd: | Volda |
Sokn: | Dalsfjord |
Arkitekt: | Ole Havnæs |
Teknikk: | laft |
Materiale: | tre |
Takryttar: | ja |
Preikestol: | 1910 |
Døypefont: | 1910 |
Altartavle: | måla og skoren av Lars Kinsarvik |
Orgel: | 1910: Haugen & Ulvestad, Lauvstad. 1992-93: Endra av Th. Zuber, to manual og pedalstemmer. |
Sitteplassar: | 400 |
Dalsfjord kyrkje er ei krosskyrkje på Dravlaus i Dalsfjorden i Volda kommune. Grunnsteinen vart lagd ned av prost Johannes Barstad 18. februar 1910, og den gulmåla kyrkja vart vigsla 29. desember 1910. Kyrkja har ein grunnmur av hogd gneis og er lafta i treverk (tømmer). Arkitekt var byggmeister Ole Havnæs, medan Petter Strømme og Jens Strømsheim stod for bygginga. Kyrkja har 400 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja. i 1963 fann ei omfattande renovering stad.
I mellomalderen var det ikkje kyrkje her; folk sokna til Voldskyrkja, men segna fortel at ein trekross vart sett opp på staden – «Krossen på Dale». Det var ein møteplass for folket i Indre Dalsfjorden. Somme tider vart messe eller gudsteneste halde her, ikkje berre i katolsk tid, men òg seinare. Då Austefjorden fekk si kyrkje i 1879 kravde folket i Dalsfjorden ein eigen kyrkjegard. Leitinga tok til etter ein veleigna stad for ein kyrkjegard, men og der dei kunne reisa ei kyrkje eingong.. Søknadene vart ikkje godkjende med det fyrste, men då Dalsfjord vart skild ut som eit eige sokn 1. januar 1910 kom det fart i saka.
Preikestolen og døypefonten er truleg laga til kyrkja i 1910, og måleriet i altertavla er ein kopi av alterbiletet i Johanneskyrkja i Bergen. Teksta på henne er henta frå Mark. 1, 35: «Og um Morgonen lenge fyre Dag stod han upp og gjekk ut og burt til ein Øydestad og bad der.» Måleriet og dei fire utskårne figurane av Moses, Elias, Peter og Johannes er laga av kunstnaren Lars Kinsarvik, som òg dekorera gallerifronten og orgelfasaden. I 1971 fekk kyrkja eit sarkofagteppe laga på Kunstindustriskulen på Voss.
Kyrkjeklokka frå 1910 er støypt av Olsen & Søn, og har ei tekst frå Jer. 22, 29: «Land, Land, Land hør Herrens ord.».
Det opphavelege orgelet vart bygd av dei to orgelfabrikkane i Ulvestadbygda, Haugens Orgelfabrikk og Lars Ulvestad Orgelfabrikk, som gjekk saman om arbeidet. På den nye spelepulten som vart bygd av Theodor Zuber frå Ålesund syner eit lite skilt at det vart bygd av Haugen & Ulvestad frå Lauvstad i 1910, og at Zuber endra det i 1992–93. Opphaveleg hadde orgelet eitt manual og anhangspedal med pneumatisk spelepult, då fekk det to manual med eigne pedalstemmer.
Galleri
Kjelder
- «Dalsfjord kirke» på norske-kirker.net. Vitja 22. januar 2018.
- «Dalsfjord kyrkje (1910), Volda» på Norske kirkebygg. Vitja 22. januar 2018.
- «Det gamle orgelet i Dalsfjord kyrkje» på Norske kirkebygg. Vitja 22. januar 2018.
- Molvik, Rune: «Haugen og Ulvestad-orgelet i Dalsfjord kyrkje, frå 1910. Musikkopptak frå 1985.» på vimeo.com
Eksterne lenker
- Klokkarbøker (skanna, Digitalarkivet) frå Dalsfjord kyrkje.
- Dalsfjord kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Dalsfjord kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |