Emdals Transport

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Emdal`s Transport»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Emdals Transport var ei transportforretning i Sykkylven etablert av Håkon Emdal i 1960. Bedrifta heldt til i Straumgjerde og vart driven fram til 2008, då selskapet vart teke over av Posten si transportverksemd Bring.

Førarhus med sovehytte

Håkon Emdal kom i gang med transportverksemd allereie då han gjekk på bilskule i Trondheim i åra 1955 til 1957. Då kjøpte han seg ein krigsmodell Mercedes Benz. Når han hadde fri frå skulen, nytta han denne til å hente materialar frå Skjåk og køyre dei til Sykkylven der det var mange møbelfabrikkar. Då han var ferdig med skulen i Trondheim, kjøpte han ein Austin lastebil som han nytta til langtransportoppdrag. Austin-bilen var som dei fleste andre bilar på denne tida, utan isolasjon, trekkfull og med dårleg varmeapparat. Når det var kaldt, hadde Emdal med seg sovepose som han hadde rundt beina. I 1960 kjøpte Emdal sin første Scania L 75 med enkel sovehytte. Han var også tidleg ute med semitrailar.

Stort terminalbygg

Som kundar hadde Håkon Emdal dei fleste møbelfabrikkane i området; Velledalen Lenestolfabrikk, Lade Møbelfabrikk, Ekornes, Hj. Brunstad, L.K. Hjelle, Tynes Møbelfabrikk med fleire.

Som returlast køyrde han mellom anna trelast og finer til møbelfabrikkar og trelastlager. Han køyrde ei tid også mykje skumgummi frå Askim Gummivarefabrikk. Etter at det kom skumvareprodusentar på Sunnmøre køyrde han også latex i fat til skumvareproduksjonen. Denne transporten var byrjinga til Emdals frakt av flytande produkt gjennom selskapet Thermotank som han seinare etablerte.

Håkon Emdal bygde stadig på godsterminalen i Straumgjerde. Terminalbygget reduserte i ein viss mon fabrikkane sitt lagerbehov.

Bilverkstad

For å ta seg av service og vedlikehald av den veksande bilparken sin, etablerte Håkon Emdal i 1970 Sykkylven Storbilservice AS. Denne verksemda tok også på seg reparasjonsoppdrag for andre og hadde utstyr for reparasjon av både små og store bilar og landbruksmateriell. Hausten 2015 gjekk Sykkylven Storbilservice inn i verkstadkjeda Bosch Car Service for å bli meir synleg mot privatbilmarknaden.

I 2003 hadde Emdals Transport 58 bilar og vogntog, og 64 tilsette.

Thermotank går vidare

I 2008 vart selskapet seld til Nor-Cargo, som gjekk inn i Posten sitt distribusjonsselskap, Bring. Emdals hadde på dette tidspunktet 50 bilar og eit distribusjonsnettverk frå Namsos i nord til Kristiansand i sør. Leiinga i Nor-Cargo forsikra at selskapet skulle drivast vidare som før. Det med nye eigarar gjekk det ikkje mange år før drifta i Straumgjerde vart lagt ned og flytta til Bring sitt anlegg ved Digernesskiftet i Skodje kommune. Etter ei tid flytte transportverksemda VD Transport inn i dei ledige lokala i Straumgjerde. Emdalfamilien dreiv selskapet Thermotank vidare i dei same lokala.

Lokalpolitikk

I 1993 fekk Håkon Emdal Innsatsprisen av Sykkylven Næringsutvikling. Om bakgrunnen for tildelinga nemnde juryen at Håkon Emdal hadde bygd opp firmaet sitt frå grunnen til å bli ein av landets største møbeltransportørar.

Håkon Emdal har også engasjert seg i lokalpolitikken og har her vore særleg oppteken av samferdslespørsmål. I perioden 2015-2019 sit han i Sykkylven kommunestyre for Framstegspartiet.

Kjelder

  • Odd-Østen Hurlen: Fra 5 til 50 tonn totalvekt. Ålesund 2004.
  • TransportMagasinet 9.6.2010.
  • NRK Møre og Romsdal, 4.6.2008.