Engevik Gaard
Engevik Gaard er ein embetsmannsgard ved Sævareid i tidlegare Fusa kommune, frå 2020 i Bjørnafjorden kommune. Garden er open for publikum.
Garden vart kjøpt i 1723 av oberstløytnant Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) som budde her medan han hadde kommandoen over det nordre Søndhordlandske Compagnie. Seinare vart han utnemnd til generalmajor og tenestegjorde i København, og var såleis vekke frå garden Engevik i lange periodar. Segelcke bygde sitt tun nord for det eldre tunet, og oppførte eit påkosta hovudhus. Etter hans død overtok sonen, major Hartvig Carl Philip Segelcke (1731-1764) eigedomen, men budde der ikkje sjølv, ettersom han vart utnemd til kommandant på Vardøhus festning. I 1769 vart hovudbygningen råka av brann. Året etter vart det oppført eit nytt hovudhus i Bergensklassisisme med halvhvalm, som er den bygningen som står i dag.
Den neste eigaren var løytnant Knud Nyegaard (1759 - 1841) ), lensmannsson frå Takvam i Haus, som vart gift med dotter til major Segelcke, Anna Catherine Hartvigsdatter Segelcke, f. 1759. Det var i hans tid at tunet fekk den forma det har i dag. Hovudbygningen har sin bakgrunn i byens sosiale miljø, med ein symmetrisk barokkhage omgjeven av eit kvitmåla stakittgjerde, medan dei øvrige bygningane på garden følgde byggeskikken på landsbygda: stabbur, eldhus, borgstove, smie, skykkje, sjøhus og naust.
Engevik Gaard er tildelt utmerkinga Olavsrosa av Norsk Kulturarv.
Kjelder
- Kulturhistorisk vegbok. Hordaland fylkeskommune, 1993.
- Engevik Gaard si heimeside