Evje og Hornnes sogelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Evje og Hornnes sogelag i Evje og Hornnes kommune i Setesdal vart skipa i 1986. Formålet er å vekkje, auke og spreie interesse for lokal historie, og laget skal òg vere eit støttelag for Evje og Hornnes museum. Sogelaget har om lag 150 medlemmer og gjev ut årsskriftet Arnstein i tillegg til fleire særskrifter. Kvart år skipar sogelaget til to turar til stader som har lokalhistorisk interesse.
I 2012 fekk sogelaget, Evje og Hornnes Bygdekvinnelag, Evje og Hornnes Mållag, Evje og Hornnes Museumslag og Evje og Hornnes kommune Kulturminnedagsprisen for arrangementet «Skittentøyvask på Evje».
Kjelder og litteratur
- Artikkel om sogelaget på Setesdalswiki.no
- Evje og Hornnes kommune på Facebook: Om Kulturminnedagsprisen 2012.
|