Færøydans

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Færøydans er ein form for folkevisedans frå Færøyane, ein ringdans til folkeviser frå mellomalderen. Dette er den einaste formen for folkevisedans som har ein ubroten tradisjon attende til mellomalderen. Første gong han nemnast er rett nok i 1616, av ein islending, men ein kan rekne det for sikkert at tradisjonen er langt eldre.

Dansarane går hand i hand i ein ring, halvt vend mot rørsleretninga, og går mot venstre. Ein forsangar syng versa, og alle syng med på omkvedet. Det er ikkje opphald mellom strofane, noko som gjer songen og dansen eit hektisk og nær ekstatisk preg. Det er fellestrekk mellom færøydans og til dømes den franske mellomalderdansen carole, men det er ikkje kjend om det er eit slektskap eller om dansane utvikla seg uavhengig av kvarandre.

Truleg hadde ein liknande dansar i alle dei nordiske landa, noko skriftlege kjelder tyder på. I dei andre landa døydde folkevisedansen ut. I 1902 reiste Hulda Garborg til Færøyane for å studere dansen, og i åra som følgde innførte ho den i Noreg og lagde også norske folkevisedansar basert på vår eigen folkevisetradisjon. Etter at Garborg døyddde var det særleg Klara Semb som vidareførte arbeidet med folkevisedans i Noreg.

Kjelder