Fastskular i Norddal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norddal kommune

Norddal kommune ligg på søre Sunnmøre rundt Norddalsfjorden og Tafjorden. Kommunen har kommunesenter i Valldal, men på andre sida av fjorden ligg Eidsdalen der vegen gjeng vidare til Geiranger.

Gamleskule i Dalsbygda
Foto: fotograf/Dalsbygda skule 250 år

Norddal

I Norddal prestegjeld var dei tidleg ute med fastskule. Dette ligg vest for Tafjorden, og folk må bruke ferje frå Linge i Valldal til Eidsdalen. Det ligg 2 dalar i Norddal prestegjeld: Dalsbygda og Eidsdalen.

Dalsbygda

Alt i 1846 kunne elevane i Dalsbygda kome til fastskulen. Det er den mørke bygninga med grastak. Denne vart brukt til skule fram til 1889. Skulen som vart bygd i 1889 står no på Sunnmøre Museum. I samband med at skulen i Noreg var 250 år vart det laga eit hefte om skulen i Norddal. Her er det mykje interessant stoff om skulen gjennom tida.

Dalsbygda skule 1889
Foto: Aud Farstad/kilde

Dalsbygda skule - bygd i 1889 ligg no på Sunnmøre Museum. Hundrevis av elevar frå skular på Sunnmøre er innom denne skulen i løpet av eit år. Frå denne skulen er det forresten fortalt om ein leik "Pirke lyre" som dei hadde laga sjølv og som dei leika der: "Skuleplassen på Dunavollen var omgitt av eit nettinggjerde. I den fremste kråa av området hadde vi pirkelyreplassen vår. Gjerdet utgjorde to av sidene, og to bord med ca. 20 cm breidde dei to andre. Slik fekk vi ein kvadratisk "ballbinge" på 20 kvadratmeter (kvar side om lag 5 m). Kvar spelar måtte ha ei kølle, som var ein kjepp (ein meter lang) med krok eller bend nede. I spelet var brukt ei lyre (gummi- eller tennisball) Reglane for spelet var enkelt. Spelarane stilte seg tilfeldig opp innanfor firkanten. Talet varierte, alle som ville, fekk vere med, men det kunne ikkje vere for mange heller. Lyra vart så droppa, og deretter galdt det å slå ballen slik at nokon av dei andre vart råka av ballen i beina eller andre plassar. Den som vart råka måtte ut av konkurransearenaen. om du var så uheldig å slå ballen ut over inngjerdinga, måtte du ut. På denne måten forsvann ein og ein spelar. Av ot til tok det litt tid når det berre var att to i firkanten, men til slutt stod vinnaren att åleine." Skrive av Arne Nydal i Årbok for Norddal i 2003 og attgjeve i boka "Dette leika vi med" frå 2004


Eidsdalen

Rønneberg skule 1895
Foto: Aud Farstad/


Rønneberg skule

Dette skulehuset ligg oppe i Eidsdalen i svingane opp mote Eide som ligg mellom Eidsdalen og Geiranger. Skulen vart truleg teken i bruk i 1894 - 95. Ingebrigt Rønneberg, som fekk gå siste året sitt på denne skulen, mintes korleis han vart bygd. Hustomta låg på ein skjerv og det var mykje arbeid å skyte ut tomta. Steinen dei skaut ut vart nytta som grunnmur. Alt dette var pliktarbeid for gardane i skulekrinsen. Det galdt både grunnmur, furuhogst i Liabygda, fløyting av tømmeret til Ytterdal, saging og frakting til Rønneberg. Far til Ingebrigt tok så på seg å sette opp skulen for 300 kroner og Ingebrigt var med som hjelpegut. Innreiingsarbeidet gjorde faren om vinteren, pultar laga han òg. Men kateteret laga han gratis som gåve til skulen. Skulen vart lagt ned i 1958 og elevane flytta til Ytterdal skule. No er skulehuset brukt til grendahus.

På bildet til høgre fortel Margreta Øyen Ødegård på kulturminnedagen i september 2011 om skulevegen sin frå bygda Kilsti til skulen på Rønneberg. Ei minneverdig stund! Margreta Ødegård har òg skrive om skulen sin i jubileumsskriftet for Norddalskulen

På tur til Rønneberg skule
Foto: Aud Farstad/


Ein barsk skuleveg! Det var ikkje alle som hadde like lett skuleveg! I boka "Far etter folk" av Sakarias Ansok finn ein ei skildringa av skuleveg til Eidsdal skule frå fjellgardane Småge og Smågeli




Fjørå

Fjørå skule
Foto: Aud Farstad/kilde

Bygda Fjørå ligg litt sør for kommunesenteret i Valldal, ved innseglinga til Tafjorden. På Fjørå miste dei skulen sin i den fryktelege Tafjordulukka då Langhammaren raste ut og ned i fjorden i 1934. Skulen stod ved sjøen. Men alt i 1938 hadde dei bygd ny skule - lenger oppe i bygda. No er han brukt til barnehage.


Tafjorden

Tafjord skule
Foto: Aud Farstad/kilde

Bygda Tafjord ligg i sørenden av Tafjorden som er den inste fjordarmen i Norddal kommune Alt i 1862 tok krinsen i Tafjord fatt med å bygge fastskule - to år etter at lova kom. Skulen vart bygd på dugnad mellom 1862 og 1865. Den vart for dårleg etter kvart, og ny skule vart bygd i 1897. Den vart lagt ned i 1958 då den nye skulen i Holen stod ferdig. Skulen er ikkje lenger i bruk.



Kjelder:

Ansok, Sakarias: far etter folk. Stranda sogenemnd 1973

Grøndahl, Nina: Norsk skule 250 år. Norddal kommune 1999

Årbok for Norddal 2003