Fet snikkarverkstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fet snikkarverkstad i Sykkylven vart grunnlagt i 1952. Det var Magnar Fet som starta ein verkstad i kjellaren i Martinesgarden på Fet, etter at han i nokre år hadde vore medeigar i Drabløs Lenestolfabrikk på nabogarden Dravlaus. Magnar Fet leverte stolgrinder til møbelfabrikkar i nærområdet, mellom dei Fet Møbelfabrikk.

I 1960 stod nye lokale ferdig til innflytting, frittliggande på dei store markane aust for klyngetunet. På det meste var dei 5-6 mann i arbeid her.

I 1995 tok sonen til Magnar Fet, Øyvind Fet, over ansvaret for produksjonen. Han heldt fram som faren, med underleveransar av stolgrinder til lokale stoppmøbelbedrifter.

Maskinene frå 1950-talet, som også var med på flyttelasset frå kjellaren til nyefabrikken, vart lenge brukt i produksjonen. Då Øyvind Fet tok til som sakshandsamar i Sykkylven kommune, i 2014, vart drifta av snikkarverkstaden lagt ned.

Kjelder og litteratur