Fister kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fister kommune, Ryfylke i Rogaland, vart oppretta i 1884, då han vart skild ut frå Hjelmeland og Fister. Kommunen omfatta den ytterste delen av landet mellom Hjelmelandsfjorden og Årdalsfjorden i tillegg til øyene utafor. Fister kommune eksisterte til 1965, då han vart delt mellom nabokommunane Hjelmeland og Finnøy. Fastlandsdelen vart saman med Årdal lagt til Hjelmeland, medan øyene (unnateke den vestre delen av Randøy) vart innlemma i Finnøy.
Heradet hadde 713 innbyggjarar og ei flatevidd på 47 km2 ved samanslåinga i 1965.