Fjågesund
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjågesund er ei grend i Kviteseid kommune i Telemark. Staden ligg ved Telemarkskanalen, ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatnet til Flåvatn. Fjågesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1916. Fjågesund skule vart nedlagt i 2010.
Namnet uttalast [fjå:`gesonn]. Ifølgje Norsk stadnamnleksikon er det sett saman av adjektiv «fjalgr» (fjåg, vakker) og sund.
Kjelder og litteratur
- «Fjågesund» på Wikipedia på nynorsk
- Fjågesund.no: «Fjågesund Skule».
- Stemshaug, Ola og Jørn Sandnes: Norsk stadnamnleksikon. Utg. Samlaget. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.