Fredsteinsbergja (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Fredsteinsbergja-1.jpg&width=400)
Fredsteinsbergja sett frå Roevegen.
Foto: Roy Olsen (2022).
Fredsteinsbergja i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går austover frå Roevegen i bustadfeltet Fredsteinbergja til den tidlegare husmannsplassen Steinsrud. Han er kring 430 meter lang.
Vegen blei namnsett som Fredsteinsbergja i 2018.
I samband med namnesaka kom Språkrådet med fylgjande merknad:
Fredsteinbergja-namnet er ikkje registrert i SSR eller heradsregisteret. I saksdokumenta frå kommunen er namnet Fredsteinskåsa nemnd. Heradsregisteret har registrert dette namnet som Frestenkåsa /fre`steinkåsa/, med merknaden «Anna namn på Kåsa (Roi). Skal vera oppkalla etter ein mann som stundom vart kalla ‘Frestaren’». Med bakgrunn i dette tilrår vi skrivemåten Fresteinsberga.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Utval for plan, teknikk og næring, sak nr. 59/18.