Roevegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Roevegen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Lundevegen i krysset med Kyrkjevegen. Han kryssar under jernbanen ved tidlegare Staurheim haldeplass og fortsett gjennom Roegrenda til kommunegrensa mot Nome der han går over i Myhrevegen. Roevegen går gjennom skog og jordbrukslandskap, er 2 kilometer lang og passerer gardane Staurheim, Roe, Hynne og Bergland.
Vegen har namn etter Roegardane og blei namnsett i 1988.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no