Fridtjof Drabløs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fridtjof Drabløs (fødd 15. januar 1919) er ein tidlegare møbelprodusent i Sykkylven. Drabløs voks opp i Tore-garden på Dravlaus i Velledalen. Allereie som 15-åring, i 1934, var han med å starte K. Emdal & Co. AS i Straumgjerde. Her var han til 1939 då han byrja på handelsskule i Ålesund.

Etter at han hadde fullført utdanninga si, gjekk han saman med Hjalmar Brunstad og Jon Hjortdal og starta Hj. Brunstad Trevarefabrikk. I 1946 skilde dei tre kompanjongane lag og Fridtjof gjekk saman med Jon Hjortdal og Ole P. Brunstad og etablerte Velledalen Lenestolfabrikk. Verksemda fekk ein god start og hadde i 1955 32 tilsette. Mot slutten av 60-åra var talet på tilsette kome opp i 40 og det vart for trangt i dei lokala dei hadde til disposisjon i Velledalen. Dei bygde difor opp ein ny, moderne fabrikk på Straumsheimsøyrane. Dei flytta inn i nybygget hausten 1971. Her dreiv dei til verksemda vart kjøpt opp av Ekornes-konsernet i 1984. Fridtjof Drabløs, som hadde vore disponent ved det som då heitte Velledalen Fabrikker, fekk ny stilling, som salssjef ved Ekornes. Dei komande åra vart det mange reiser innan- og utanlands for Fridtjof. Han fortel at han hadde to koffertar, ein med reine og ein med skitne klede. Når han kom heim sørga kona Signe for at garderoben vart fornya, og så var det å bu seg til ei ny utferd.

Arbeidsgjevaren ville helst ikkje gje slepp på han, men då Fridtjof Drabløs passerte 70-årsmerket i 1989 pensjonerte han seg. Han slutta likevel ikkje i møbelbransjen, for året etter starta dottersonen Fred Drabløs opp Velledalen Møbler. Dennne bedrifta fekk nyte godt av Fridtjof Drabløs sitt store nettverk i møbelbransjen. I fleire år framover var han seljar for Velledalen Møbler.

Heilt frå ungdomsåra var Fridtjof Drabløs samfunnsengasjert og aktiv i det lokale kulturlivet. Dei åra han budde i Velledalen var han med i lagsdrifta, både i Velledalen Idrottslag og i Velledalen ungdomslag. I tillegg var han med i Velledalen Blandakor. Korsongen heldt han fram med etter at han flytte til Straumgjerde. Til saman song han i kor over 40 år. Då fotballgruppene i Velledalen IL og Ringen IL gjekk saman og skipa Velledalen og Ringen Fotballag på 1950-talet, vart han den første styreleiaren i den nye fotballklubben. I 1980-åra engasjerte han seg sterkt i handballsporten, då Ringen IL ein periode hevda seg mellom dei beste i landet. Fridtjof Drabløs er utnemnt til æresmedlem i Velledalen Idrottslag.

Han har også vore med i kommunalt styre og stell. Frå 1964 til 1972 var han kommunestyrerepresentant for Høgre. Elles var han med i skulestyret og i helse- og sosialstyret. Også i industriorganisasjonane har Fridtjof sett spor etter seg. Han har vore leiar i Sykkylven industrilag og med i styret i Møregruppa av Møbelprodusentenes Landsforening. Her var han også styreleiar i messekomiteen for Sjølystmessa i Oslo. Han var elles med å starte den lokale foreininga av Odd Fellow Ordeenen.

Kjelde