Friskulen i Kvikne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Friskulen i Kvikne var ein foreldrestyrt, grundtvigiansk inspirert barneskule (sjå artikkel om friskolar) som vart driven i Kvikne i Østerdalen i åra 1874-1878. Læraren der var Eystein Kvam. Bakgrunnen for at skulen kom i gang, var ein strid om tilsetjing i posten etter den tidlegare læraren, grundtvigianaren og stortingsmannen Anders Reitan. Reitan døde i 1872, og hadde vore sjuk ei tid før det.

Kvam hadde vikariert i skulen både medan Reitan var på Stortinget, under sjukefråværet og etter hans død. Kvam blir i bygdeboka skildra som «ein ung, oppglødd grundtvigianar» som ville halde fram med skulen med dei metodar og i den ånd som Reitan hadde drive han. Det var fleirtalet av foreldra i krinsen openbert interesserte i, og dei skreiv seg under på ein søknad om å få Kvam i fast stilling. I staden vart ein annan lærar, Even Hallsteinsson Ulset frå Gauldalen tilsett.

Ulset hadde lenger ansiennitet enn Kvam. Men han gjekk også for å vere haugianar og dermed i motstrid til det Kvam stod for med omsyn til livssyn og mål og metode i undervisninga. I bygdeboka er ein også inne på at striden i tillegg til det ideologiske hadde ein grende-dimensjon. Grenda der friskulen vart starta var Kvikneplassen, dvs. senteret for det tidlegare Kvikne-verket. Fleirtalet i skulekommisjonen og lærar Ulset kom derimot frå Nerbygda, og «venskapen mellom nerbygg og "plassing” var aldri sers varm», som det blir uttrykt i bygdeboka.[1]

Da Ulset vart tilsett, organiserte foreldra friskulen med Kvam som lærar. Skulen opna den 23. januar 1874, og hadde 50 elevar, noko som gjorde den til den største friskulen i landet. Berre eit mindretal i krinsen heldt fram med den tilsette læraren i den offentlege allmugeskulen. Friskulen heldt til i Taksgard i den gamle direktørbustaden for Kvikne-verket, rett i nærleiken av den vanlege skulestova. Friskulen fekk også låne inventar og undervisningsutstyr frå fastskulen, så tilhøvet mellom dei to skulane og dei to lærarane var visst ikkje direkte fiendsleg. Ulset sa opp posten sin i 1876. Som ny lærar vart Ole Johnsen Hagen tilsett. Han hadde i ungdommen lært Reitan å kjenne og var påverka av hans tankesett og metodar. Det gjorde sitt til at det kom til forsoning i skulestriden. Friskulen heldt likevel fram til 1878, da Kvam flytta heim att til Melhus og tok til som gardbrukar der.

Notar

  1. Bygdeboka bd. I side 182.

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Olav Tryggve (red.): Kvikne. Ei bygdebok. Band I bygdesoga. I komm. hos AS Bokcentralen, Oslo 1952.
  • Skrondal, Anders: Grundtvigianismen i Noreg. Bergen 1936.