Gjengedal skule (1900–1952)
Gjengedal skule bygd 1899/1900 var første skulehuset i Gjengedal krins. Det var i bruk som skulehus fram til 1952. Skulen ligg plassert midt i krinsen, nederst i Gjengedalshjølet. På folkemunne går seier dei "skulehuset på Klype".
Tomta til skulehuset vart skilt frå to bruk i Ommedalen i 1898. Bøndene i krinsen hadde som pliktarbeid å dyrke opp 5 dekar med jord på tomta. I 1899/1900 vart skulehuset satt opp.
Skulehuset
Huset har kjellar, hovudetasje med to stover og loft. Ei av stovene var skulestove, resten av huset fungerte som ein liten lærarbustad. Det fulgte også eit uthus til skulen. Bygget fungerte som skulehus frå 1899-1952. Frå huset var nytt og fram til 1936 var det læraren Samson Sande som dreiv skulen og budde i lærarbustaden. Taksten frå 1936 verdisatte huset til 8000 kroner. Frå 1936 var det læraren Knut Gjengedal som budde og arbeidde i huset.
Skulestova vart etter kvart for liten og i 1934 vart skulehuset til Sandane gamle skule satt opp like nedanfor det gamle skulehuset. Det huset kom likevel ikkje i bruk som skulehus før i 1952.
Anna bruksområde
Etter at det nye skulehuset var tatt i bruk fungerte det gamle skulehuset som lærarbolig for læraren Knut Gjengedal . I 1961 kjøpte han husa og jorda som høyrde til lærargarden. Han betalte 7000 kroner for husa og 2500 kroner jorda. I dag er det i privat eige og nytta som feriehus.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Sandal, Per (1988) Soga om Gloppen og Breim, band 3. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)