Gjengedal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjengedal krins 1890-1968
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal krins i Gloppen kommune ligg i grenda Hyen og har hatt organisert skule heilt tilbake til 1743. Krinsen vart lagt ned og ungane sendt til Hyen i 1968. Gardane Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv, og Ommedal høyrde til krinsen. Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.

Under krinsreguleringa både i 1838 og 1860 er heile Hyen ein krins med omgangsskule der læraren reiste rundt på gardane og underviste.

I 1890 kom det ny krinsregulering i Gloppen. Då var det 24 elevar i Gjengedal krins. Skulen var todelt (småskule og storskule) og heldt til i leigde lokaler på Mjellem. I 1899 fekk krinsen eige skulehus. Det var lærarbolig i skulen, saman med 5 dekar dyrka mark.

I 1934 vart det gamle skulehuset til Sandane krins vart flytta til Gjengedalen og satt opp ute på Kleiva (ikkje langt frå det gamle skulehuset). Bygget vart likevel ikkje klart til skulebruk før i 1952.

I 1968 vart Gjengedal krins lagt ned. Siste læraren på skulen var Aase Hope, som berre arbeidde eit knapt år på skulen før den vart lagt ned. På 50-talet hadde siste gardane fått veg (Mjellem og Rognkeiv) så alle elevane fekk skuleskyss ned til Hyen. Det var Nils Simonson Holme som hadde skuleskyssen.

Skuledagen

Skuleveg

Alle elevane i krinsen kunne gå til og frå skulen kvar dag etter at første skulehuset kom i 1899. Det var dårleg med vegsamband og bratt ned i frå fjellgardane Gjengedal, Mjellem og Rønnekleiv. Elevane frå Dalheim (ein husmannsplass under Gjengedal) hadde særs lang veg til skulen.

Skulehus

Gjengedal skule (1)

  • Byggeår: 1899
  • Fungerte som skule: 1899-1952
  • Anna bruksområde: Etter 1934 fungerte huset som lærarbolig for læraren Knut Gjengedal . I dag er det feriehus.

Gjengedal skule (2)

  • Byggeår: 1892
  • Fungerte som skule: 1952-1968
  • Anna bruksområde: Fungerte først som skulehus for Sandane gamle skule . I 1934 vart bygget flytta til Gjengedal skulekrins.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Henden Jens Olson Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Sande Samson 1866 Gjengedal Skule 1895 1936 Stord lærerskole 1891
Gjengedal Knut 1900 Gjengedal skule 1936 1967 Volda lærerskole 1922-25.
Hope Aase 1944 Gjengedal skule og Hyen skule 1967 2006 Firda Gymnas Siste læraren i Gjengedal krins

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)


Koordinater: 61.667404° N 5.920735° Ø